24-åringen Bror Magnus Tødenes frå Eiksund vart tysdag offentleggjort som finalist til Statoils talentstipend i klassisk musikk. Stipendet er på ein million kroner.

– Bror Magnus er ein av berre fem finalistar til Statoils talentstipend innan klassisk musikk. Han og dei andre finalistane har dei siste åra tatt store steg og er i dag blant Norges mest lovande musikarar innan sin sjanger, seier Leif Ove Andsnes, ambassadør for Statoil Morgendagens Helter og årets juryleder. Det går fram av ei pressemelding.

Tødenes som for tida mellom anna er aktuell med ein ny juleturné, har også fått opptre på store scener ute i Europa, og i år har han også fått synge under Operagallaen i København på invitasjon frå Dronning Sonja

Ifølgje pressemeldinga frå Statoil Morgendagens Helter er målsettinga til Tødenes å kunne prestere på det høgste nivået som lyrisk operatenor innanfor det italienske og franske repertoaret.

– Eit talent er ikkje medfødt, du trenger ei sterk indre glød, læringsvilje og innsats over tid for å bli like flink som Bror Magnus og dei andre finalistane til årets stipend. Etter fleire år med talentutvikling har vi lært at det er desse kvalitetane som kjenneteiknar Norges største talent anten dei spelar fotball, syng eller forskar på bærekraftige løysingar, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef for Statoil Morgendagens Helter.

Dei andre finalistane er Sandra Lied Haga, Amalie Stalheim, Miriam Helms Ålien og Caroline Wettergreen.