– Eg gler meg. Det er første gjeldande kampen mot Herd sidan eg kom til Hødd, fortel Jonas Ingebrigtsen.

Torsdag reiser Hødd den korte turen over Sulafjorden og inn til Amfi Moa Stadion for førsterundekamp i NM.

Ingebrigtsen trur ikkje Hødd vil ha noko problem med å motivere seg til kampen mot Herd, sjølv om veka starta med ein skikkeleg fotballfest mot Brann.

– Vi har mykje å revansjere frå cupen i fjor, så tenningsnivået bør vere greitt i denne kampen, seier Ingebrigtsen som reknar med at han får ei god mottaking på si tidlegare heimebane.

Laget har vakse

Han meiner Hødd-laget har teke store steg i rett retning før denne sesongen, noko sesongopninga også tyder på med to sigrar og eitt uavgjortresultat.

– Eg merkar stor skilnad frå i fjor, berre på den vinteren vi har hatt. Vi har vore veldig seriøse, trent rett og trent hardt. Ein ser igjen det vi trenar på i kampane i større grad enn tidlegare. No er vi gode på små flater og vi er kyniske når vi kan vere det. Det verkar som om heile laget har vakse, meiner Jonas Ingebrigtsen.

Mot Brann kom backen opp mot spelarar som Erik Huseklepp og Kristoffer Larsen utan at dei klarte å skape så veldig store problem for Hødd.

– Eg synest ikkje dei gjorde så mykje, ingen av Brann-spelarane eigentleg. Det var litt overraskande kor lite aktive dei var. Larsen var det litt fart i, men Huseklepp gjorde ikkje så mykje, verken når han var på mi side eller når han blei flytta over til Aasbak.

Ingebrigtsen kom framover på høgrekanten i begge omgangane, men spesielt i den andre omgangen mot Brann fekk han store rom offensivt. Det var likevel ikkje alltid backen blei brukt.

– Nei, det har ein tendens til å bli litt slik, men eg er der om det blir bruk for meg.

Mot slutten utnytta Ingebrigtsen dei store roma til å kome til nokre gode mogelegheiter.

– Eg burde nok kanskje minst sett ein av dei, seier han.

Hødd har eit temmeleg tett kampprogram i tida framover og no må laget prøve å ta med seg prestasjonane frå Brann-kampen inn i dei komande kampane.

– Slik vi har gjort det på testar så viser det at vi er godt trent, så eg trur ikkje tett kampprogram skal vere noko problem.

Cupkampen mellom Herd og Hødd har kampstart 18:00. Vi kjem med dei viktigaste hendingane frå kampen her på Vikebladet.no.