Det var ikkje meir ein veke sidan at andreplassen i Adeccoligaen såg ut til å vere tapt for Hødd. Stabæk låg tre poeng framfor dei blåkvite - med to kampar mindre spelt.

Etter berre 3-3 mot Elvetum, og eit 3-0-tap mot Vard Haugesund var dette forspranget plutseleg borte. I laurdagens kamp mot Ranheim vart det berre eitt poeng, noko som gjer at bæurmslaget ligg eitt poeng over Hødd før den aller siste serierunden neste helg.

- Får vel vinne då

Det betyr at Hødd må ta minst eitt poeng mot Mjøndalen dersom dei skal ta den ettertrakta andreplassen, samtidig som Stabæk ikkje tek tre poeng mot seriemeistrane frå Bodø.

Ungguten Fredrik Aursnes, som ikkje kan spele siste seriekamp grunna fem gule kort, ser kva som blir kravd i siste seriekamp.

- Då får vi berre vinne då, smilar han lurt.

- Må ha trua

Ein annan som ikkje får spele mot Mjøndalen, er Erik Sandal. Det var tungt å innsjå for 30-åringen. Han håper likevel at Hødd gjer jobben i Mjøndalen.

- Vi får håpe Bodø/Glimt er profesjonelle, samtidig som vi gjer vår jobb. Vi må ha trua. Vi er i bra form, sjølv om kampen mot Follo ikkje var vår beste kamp, seier Sandal.

Gler seg

Uansett kven Lars Arne Nilsen har med seg nedover til austlandet, er det ein spent Hødd-trenar før siste serierunde.

- Tek vi poeng i Mjøndalen rykkjer vi fort opp, for eg trur Bodø/Glimt vil avslutte skikkeleg. Mjøndalen er ein tøffing, så eg gler meg skikkeleg til den kampen. Tek vi Mjøndalen rykkjer vi opp, seier han håpefullt.

For fleire reaksjonar, sjå video øvst i saka.