– Vi har solid ryggdekning for dei vegval vi har gjort dei siste åra. Dei er forankra i plan og vedtak, og det har vore eit formidabelt løft. For ei lita kommune. No skal vi investere mindre, som vi sa til formannskapet, sjølv om investeringsbudsjettet lyg litt. For vi har inne USAS og store Arena Ulstein, som vi først veit prisane på litt over nyttår, fortel Ulstein-rådmann Einar Vik Arset.

– Og så har vi ferdigstilling av dei to store omsorgsbustadene, pluss Sjøgata, så drivet i prosjektorganisasjonen er høgt, legg assisterande rådmann Verner Larsen til.

På jakt etter synergiar

Rådmannen slår fast at Ulstein kommune gler seg til å kunne ferdigstille ein del av prosjekt.

– Men, det er litt skummelt å seie at vi skal slutte å investere. Vi må vel heller seie at vi stadig er på jakt etter synergiar. Dersom vi får til nye konstellasjonar, samarbeid og brikker fell på plass, så kan mange ting skje. Det er det som er så flott her, i motsetnad til mange andre stader.

Men sjølv om rådmannen ikkje vil seie at kommunen skal slutte å investere, så vedgår han at ein utstrekt auke i lånegjelda ikkje vil vere gunstig.

– Nei, det vil eg ikkje kunne tilrå. Det må vi avvente, men at det kjem nye investeringsprosjekt det er heilt logisk og naturleg, og det er ikkje slik at vi har ei grense på akkurat 1,374 milliardar.

Høg risiko

Vik Arset understrekar at det er ein del flaks inne i biletet, og peikar på at dollarkursen for første gong på ti år er over sju kroner.

– Alt tyder på at vi får det slik som vi vil når det gjeld renteutvikling. Likevel er det i vårt forslag inne ei rentebinding av ein fjerdedel av gjelda. Det er nødvendig. Eg synest at risikoen er høg, og timingen trur eg er rett, seier rådmannen.

Ulstein kommune har ein uttalt ambisjon om å vere ein vekstkommune. Tal frå tredje kvartal i 2014 syner at kommunen har ein stor auke i talet på innbyggjarar mellom 0 - 16 år.

– Eg tenkjer at då har vi gjort rett, vi har bygt bustadfelt og laga infrastruktur. vi har gjort desse grepa fordi det var eit vakuum. Vi ser no at dette fyllast opp, og på lang sikt kan vi sjå ein sterk folkevekst, seier Vik Arset og peikar på Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal som syner ein framskrive vekst i Ulstein kommune på over ti prosent fram mot 2024.

Rådmannen meiner det ligg godt til rette for denne auken, men han legg til at det er gitt ei sunn utvikling i det lokale næringslivet.

– Vi har kjempeflaks, næringslivet går bra. Skatteinngangen er søkkande over heile landet, og det er mange rådmenn rundt om som sit og filer på budsjetta sine for å få det til å henge i hop, medan vi kan puste roleg. Vi får litt meir kostnader, men også litt meir skatteinntekter, fortel Vik Arset.

Må vere smartare

Rådmannen meiner Ulstein kommune har kome godt ut av det nye statsbudsjettet. Administrasjonen har lagt fram eit budsjett der aktivitetsauken til kommunen er på 8,11 millionar, samt ein aktivitetsauke grunna føringar i statsbudsjettet på 0, 75 million. For å få til dette vil administrasjonen gjennomføre innsparingstiltak for 5,8 millionar kroner.

– Vi må gjere ting på smartare måtar, og kanskje slutte med nokre ting. Det er vi ikkje flinke nok til i offentleg sektor, der ein berre byrjar med ting, men ikkje sluttar. Vi ser også litt mindre avsetjing til driftsfondet enn det eg hadde håpa, men grunnen til det er at vi har disponert dei til ein buffer på rentebinding og i staden for å legge på fond, så skal vi byrje å betale avdrag.

Eit punkt som har kome med i budsjettet og økonomiplanen for 2015–2018 er innføring av eigedomsskatt frå 2016.

Rådmannen meiner Ulstein kommune er truverdige når dei ber innbyggjarane vere med på eit spleiselag.

Då formannskapet tysdag kom med sine innleiande tilbakemeldingar om budsjettet, var eigedomsskatten noko fleire av politikarane reagerte på, og det verka ikkje som om stemninga for å vere med på rådmannen sitt spleiselag stod høgt i kurs blant dei folkevalde. Då blir spørsmålet om administrasjonen har andre alternative måtar å hente inn større økonomisk handlingsrom.

– Endå vegrar ein seg frå å gjere dette grepet, sjølv kor nødvendig ein ser at det er. Det er ein veg ut av det, å budsjettere med høgare inntekter, først å fremst gjennom å leggje inn eit veksttilskot og ikkje i same grad leggje inn kostnadsvekst på kommunale tenester. Då kan ein gå til det grep å trikse litt her. Eg fryktar også at det vil kome til å skje, seier Einar Vik Arset.

Ikkje typisk kommune

Rådmannen seier det kan vere eit alternativ å satse på at dei lange rentene framleis vil vere billige, og at ein ikkje bitt dei i 2015.

– Eg vil ikkje vere komfortabel med det, men då er det heller ikkje eg som har teke avgjersla, seier Vik Arset.

– Under formannskapsmøtet vart det drege fram som positivt at vi skal få att bedriftsskatt. Det er positivt, men vi har også ein stor del i formuesskatt, så det kan vere det vi vinn på ei side taper vi ein annan stad, seier Larsen.

– Rammetilskotet er rekna ut for ein typisk kommune, og vi er definitivt ein atypisk kommune i forhold til skatteinntekter, kommunestorleik og samansetjinga av næringslivet. Vi må vinne på noko av det, men vi kjem også til å tape på noko av det, fortel han.

Rådmannen fortel at i ei tid der mange kommunar ser seg nøydde til å kutte i sine driftsbudsjett, så er han stolt over at Ulstein kommune kan vidareføre dagens drift.

– Men vi legg nøktern drift til grunn, og driv ikkje å klattar utover meir ressursar enn det vi meiner er nødvendig, slår rådmannen fast.