Onsdag starta saka der Glen Børge Løseth Flø frå Ulstein saksøkjer Ulstein kommune fordi han meiner han i heile barne- og ungdomskuletida vart utsett for både fysisk og psykisk mobbing, utan at skulen greip inn. Saka går i Sunnmøre tingrett, og det er sett av tre dagar. Tingrettsdommar Kjetil Gjøen sette retten onsdag. Advokatfullmektig Lars Henrik Windhaug er advokat for Glen Børge Flø. Frå motparten, Ulstein kommune, er det KS-advokat Øyvind Renslo og kommunalsjef Gry Nordal for oppvekst som møter.

Advokatfullmektig Windhaug starta prosedyren sin med å skildre korleis Glen Børge Løseth Flø hadde hatt det ved Hasund skule og seinare Ulstein ungdomsskule. Og det var ei trist skildring. I følgje advokaten starta mobbinga i 2. klasse.

Retten fekk høyre skildringar om mobbeepisodar på skulen der elevar kasta stein mot hovudet hans, og medelevar bytta ut mjølka hans med sur mjølk. Han vart sperra inne mellom to fotballmål medan ein gjeng elevar spytta, sparka og slo etter han. Ein annan gong drog tre elevar han 150 meter inn i ein skog og trua med at dei ville kle av han.

Sentralt i søksmålet er om Ulstein kommune har gjort nok for å få stoppe mobbinga. Flø og advokaten hans meiner Ulstein kommune har svikta. Advokaten viser til at det var foreldra hans som måtte ta kontakt med skuleleiinga for å få kontakt kring problema. Det var også foreldra som på eige initiativ tok kontakt med PPT for å få hjelp til Glen Børge.

Posttraumatisk stressliding og mageproblem

Men verken foreldra eller Glen Børge sjølv meiner han har fått den hjelpa han treng.

Ein IQ-test konkluderte med at saksøkjaren ikkje har nedsette evne, men at han var uroleg i timane og at han sjølv kunne verke provoserande på medelevar. I 6.-klasse fekk han problem med magen. Denne sjukdomen må han leve med resten av livet.

Sjukdomen slår normalt ut i 18–30 årsalderen, men Glen Børge meiner han slo ut på han i 12-årsalderen fordi han alt då var så stressa på grunn av mobbinga. I periodar gjorde sjukdomen at han var mykje borte frå skulen, og Flø meiner at han ikkje fekk den ekstraundervisning han hadde rett på. Karakterane hans på ungdomsskulen var gjennomgåande dårlege. I retten skildra Glen Børge Flø kor einsam han følte seg i barne- og ungdomstida, og at han i dag slit med angst i store folkemengder, drøymer om mobbing og at han har problem med relasjonsbygging. På spørsmål frå Kjetil Gjøen om kva tid angsten byrja å kome svara Flø at han trudde det var ein stad mellom 4. og 5. klasse. Dette var dei aller verste mobbeåra.

Spesialistar har gitt Glen Børge Flø diagnosen posttraumatisk stressliding, og meiner det kjem av mobbinga han vart utsett for i tidlege år.  Han er erklært 100 prosent ufør. Erstatninga han krev skal  vere med på å dekke tap av inntekt.

– Flø som var mobbaren

KS-advokat Øyvind Reinslo starta prosedyren sin med å seie at saka ikkje var så eintydig som advokaten til Flø ville ha det til.

– Flø kunne verke provoserande på andre elevar. Vi er heller ikkje sikre på definisjonen «mobbing». Det kan vere vel så rett å kalle det erting, sa KS-advokaten.

Han meinte det var fleire episodar der det var Flø som var mobbaren, ikkje motparten.

Både ved Hasund skule og ved Ulstein ungdomsskule vart det halde fleire foreldreseminar og laga planar som skulle betre miljøet ved skulane. Og det vart også arrangert kurs med psykolog for å betre miljøet. Inkludert i dette var også planar for å motverke mobbing, og tiltaksplan ved mobbing.

På spørsmål frå tingrettsdommar Kjetil Gjøen om tiltaksplanen ved mobbing vart sett i verk ved nokre av desse tilfella, svara KS-advokaten at det vart han ikkje. Truleg fordi det ikkje vart definert som mobbing.

KS-advokaten spurte om Glen Børge Flø hadde vore ein mobbar sjølv. Dette fordi han hadde blitt kontakta tysdag ettermiddag av ein medelev som meinte Glen Børge hadde mobba han.

– Ja, det har vore episodar der eg har mobba, og eg får vondt i hjartet av å tenke på det, svara Flø.

KS-advokaten avslutta prosedyren sin med å seie at Ulstein kommune bør frikjennast, og at kommunen også bør sleppe å betale sakskostnadene.

Saka held fram i Sunnmøre tingrett torsdag og fredag.

KS-advokat Øyvind Reinslo og oppvekstsjef i Ulstein kommune, Gry Nordal. Foto: Anne Gry Eilertsen.