Regjeringa vil bruke 350 millionar kroner på flaum- og rasførebygging i statsbudsjettet for neste år.

Det er ein reell auke på 40 millionar kroner frå årets budsjett, sjølv om Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i reine tal får barbert budsjettet med 91 millionar kroner.

– Vi har fleire gonger dei siste åra opplevd kva utfordringar flaum og ras kan medføre for dei som blir berørte, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Han besøkte torsdag Eigersund kommune for å sjå på arbeidet som kommunen og NVE har gjort etter stormen «Synne» som råka Vestlandet i 2015.

Ekstra etter storm

Det er oppryddings- og sikringstiltaka etter flaumen på Vestlandet i 2014 som er årsaka til at NVEs budsjett – i reine pengar – blir mindre neste år enn i 2016. Ekstremvêret førte til ei ekstra løyving på 80 millionar kroner. Dessutan blir 30 millionar kroner til fjellras og varsling flytta over til ein annan budsjettpost neste år.

Justert for desse pengane, blir det ein auke på 40 millionar kroner til 350 millionar kroner til førebygging av flaum- og rasskadar neste år, får NTB opplyst i departementet.

Forserte tiltak

100 millionar kroner blir sett av til å få fart på fleire flaumsikringstiltak, opplyser Lien.

– Etter at regjeringa tiltredde, har vi styrkt flaum- og rasløyvingane. Auken i pengar til førebyggjande arbeid over NVEs budsjett vil bidra til å gjere oss betre budde på å vareta sikkerheita til folk og dette tiltaket vil også bidra til aktivitet og sysselsetting i ein region som har det krevjande, seier statsråden.

Dette er nokre av dei aktuelle prosjekta i regi av NVE:

Flaumsikring i område som blei råka av ekstremvêret «Synne», nærmare bestemt kommunane Lund, Bjerkreim, Eigersund, Kvinesdal og Sokndal, kartlegging av kvikkleiresoner på Sør- og Vestlandet, kvikkleiresikring i Kristiansand, sikring av Gjerdeelva i Hareid kommune og sikring av Stadheimselvi i Sogn og Fjordane.