Lag, skuleklasser, organisasjonar osb. kan kvart år søkje på å få vere med på Tussa sitt ‘Krafttaket’. Tussa oppmodar om å gjere ei god gjerning for andre, og i bytte kan ein få støtte til eit valfritt prosjekt. Ti av dei beste søknadane går vidare til avstemming på www.krafftaket.no.

Ulstein taekwondklubb er ein av dei utplukka, og konkurrerer no med ni andre gode tiltak om ein samla pott på 100.000,- kroner. Pengane ønskjer klubben å bruke til å få ein regjerande verdsmeister i taekwondo til Ulsteinvik for å trene med utøvarane i klubben i to veker, slik at dei skal få lære mykje nytt og få inspirasjon til vidare innsats. Pengane vert fordelt etter kor mange stemmer dei ulike tiltaka får på avstemminga på nettsida. Alle kan stemme ein gong per dag fram til 30. september.

- Det er mange gode gjerningar ein kan gjere i lokalmiljøet, men vi ønskjer å sette fokus på familie, heim og naboar denne gongen, fortel trenar Magomed Kudosov.

I løpet av denne månaden skal alle medlemmane i klubben gjere flest mogleg gode gjerningar for familie, vennar og naboar. Barna har kome opp med mange gode idear til kva dei kan gjere, for eksempel ta ut av oppvaskmaskina, hjelpe til å rydde, ikkje krangle med søsken, hjelpe naboen med hagearbeid, besøke besteforeldre eller ringe dei om dei bur langt vekke, lage familieselskap, bake ei kake eller lage eit dikt.

Klubben har no over 80 medlemmer, og Magomed fortel at det kjem nye på nesten kvar trening.

- Taekwondo er ein kampsport, og respekt for andre er heilt grunnleggande. Det gjeld ikkje berre når barna er på trening, men også på skulen og heime. Å opptre høfleg og vennleg mot alle er ein grunnleggande verdi i sporten vår, og det legg vi stor vekt på, seier Magomed. Vi oppmodar alltid barna til å vere hjelpsame og høflege heime og til å ta skulearbeidet på alvor. Denne kampanjen hjelp oss å sette ekstra fokus på noko som vi ønskjer barna skal gjere heile året, ikkje berre no. Kanskje vert også andre barn inspirerte av at taekwondoutøvarane snakkar om dette til venane sine? seier Magomed.

Mandag denne veka var Lise Antonsen Ulstein frå Tussa innom treninga for å fortelle barna og ungdommane i klubben om ‘Krafttaket 2014’, og delte ut t-skjorter til alle. No er dei spente på kor mange gode gjerningar dei klarer å gjere i løpet av september, og kor mange stemmer dei får i avstemminga.