Kulturdepartementet har på høyring eitt utkast til ny forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium.

Dei vurderer å justere opplagsintervalla for nummer ein- og aleinemedium frå 1000–6000 til 1000–4000.

Då vil avisene med opplag mellom 4000 og 6000 miste pressestøtta si. Avisene med opplag på 4000 og mindre vil miste den ekstra støtta dei har fått.

Denne omlegginga/bortfallet av pressestøtte vil føre til at staten sparer 13 millionar kroner.

For Vikebladet Vestposten vil dette seie at avisa mistar inntekter på 380 000 kroner i året.

Høyringsfristen er sett til 13. januar 2014.