Laurdag 16. april blir det avduking av bysta av Ragnar Ulstein.

Ulstein formannskap har tidlegare vedteke at bysta skal stå under bjørkene på Rådhusplenen. No ønskjer Ulstein kommune å ruste opp området før avdukinga. Landskapsarkitekt Siri Myklebust i Gullik Gulliksen Vest AS har teikna ei skisse til korleis parken kan opparbeidast.

Ulstein formannskap set pris på initiativet og arbeidet til bystenemnda, og uttrykkjer heider til Ragnar Ulstein og innsatsen hans under og etter krigen. Dei vil difor sikre at bysta får ei god plassering på rådhusplenen, og at området får ei funksjonell, verdig og nøktern utforming.

Rådmannen rår formannskapet til å løyve inntil 110 000 kroner til opparbeiding av plassen, med utgangspunk i utarbeidd skisse. Tiltaket blir finansiert over formannskapet sin post for tilleggsløyvingar.

Saka skal opp i Ulstein formannskap 16. februar.