I 1986 gjekk sjølvaste Kong Olav V i land like ved det majestetiske nasjonalmonumentet like ved Ovrasanden, og avduka det. 30 år etter, er det ein skuffa opphavsmann som vender tilbake til monumentet, på spørsmål frå Vikebladet Vestposten, for første gong på fleire år.

– Eg har ikkje vore her på minst tre år, fordi eg blir lei meg når eg ser kor her ser ut, og kor lite kommunen har gjort for å ta vare på dette landemerket, seier kunstnar Einar Magne Flø.

Flø er ikkje åleine om å meine at monumentet ikkje får det tilsynet det fortener, for fleire lesarar av Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med avisa den siste tida. Mellom anna Johannes Liavaag, ein av dei som i si tid jobba for å få sett opp monumentet.

– Det viser at mange bryr seg om dette monumentet, seier Flø.

Forfell gradvis

Mosen veks både på sokkelen og på sjølve monumentet, og skogen veks seg tettare inntil. Rundt monumentet, ned mot sjøen, har det som ein gong var blanke svaberg blitt til buskas og kratt.

– Det er trist å sjå dette. Det kunne godt trengt ein god vask, og mykje av skogen og buskevekstane burde vore fjerna. Det er ikkje eigentleg mykje som skal til. Kommunen kunne slipt ned overflata på monumentet og polert det. Det hadde gjort det bort i mot vedlikehaldsfritt, noko eg har fått vite av ein eg kjenner, som veit mykje om betong og levetida til materialet. Det er kostbart, men kommunen hadde spart på det i lengda, seier Flø og legg til.

– Slik det er no, forfell det gradvis. Vedlikehaldet er på langt nært godt nok, noko eg fekk bekrefta no som eg faktisk tok turen hit igjen.

– Ligg hjartet mitt nær

Det var ein som kjente kunstnaren som kom i prat med han på ein ferjetur over Sulafjorden for ei tid tilbake, som spurde om han ikkje hadde vore og sett korleis det såg ut.

– Eg hadde som sagt hatt eit vanskeleg forhold til kommunen lenge, og eg visste at det ikkje blei gjort ein god nok jobb med å ta vare på nasjonalmonumentet, seier Flø.

– No ser ein ikkje lenger den flotte samanhengen mellom den kvite sanden og monumentet. Det står der for seg sjølv, gøymd og attgløymd, verkar det som. Dette monumentet ligg hjartet mitt nær, og eg fekk eit løft då eg kom hit og såg det igjen, men blei trist igjen då eg tok det i nærare augesyn.

– Har ikkje ressursane

Oddbjørn Grimstad, kommunalsjef for sektor for næring, kultur, og samfunnsutvikling, forstår dei som meiner nasjonalmonumentet ikkje blir teke godt nok vare på.

– Det er klart, eg forstår når folk er rundt der og forventar at det blir vedlikehaldet. Det er eit kommunalt ansvar. Det er eit nasjonalt symbol, og det er klart det skal sjå skikkeleg ut rundt, seier Grimstad, som også poengterer at ansvaret for sjølve vedlikehaldet av området ligg hos teknisk sektor.

Nils Yngve Nupen, kommunalsjef for teknisk sektor, er klar på at også han meiner det er synd at kommunen ikkje klarer å nå over alt, og stette alle behov, men at det først og fremst handlar om pengar.

– Sjølve monumentet har aldri vore lagt inn som vedlikehaldsobjekt. Området rundt er vårt ansvar. Eg fritek meg ikkje for ansvar på nokon måte, men skal vi gjere noko meir i dette området må det både politisk vilje og meir pengar til. Eg blir veldig frustrert over dei områda vi ikkje klarer å rekke over, men det er altså ei ressurssak.