– Noreg seier dei har følgt reglane. Eg synest det er veldig skremmande at vi er i ferd med å utvikle oss til eit kaldt samfunn, der vi gøymer oss bak paragrafar, og alt menneskeleg omsyn er under eit stempel på ein eller annan traktat.

Diakon Ranveig Kaldhol har nærmast dagleg vore i telefonkontakt med den eritreiske familien Wolbgeber, som i nesten to veker har vore stranda på Charles de Gaulle internasjonale flyplass i Frankrike. Familien blei uttransportert frå Ulsteinvik og Noreg torsdag 13. mars, og sidan har Simreth og hennar åtte born vore nøydde til å overnatte på stolar og benkar inne på ein av dei største flyplassane i Europa. Der har Simreth og borna livnært seg på yoghurt og muffins. Minstemann, ein gut på fire månader, får morsmjølk frå mora.

– Simreth hadde 700 kroner i lomma då dei kom til flyplassen. Korleis kan ein fø sju born og eit spedbarn med så lite, spør Ranveig Kaldhol.

– Kummerlege forhold

Laurdag kom beskjeden om at familien Wolbgeber fekk overnatte på hotell fram til måndag morgon, med hjelp frå ein organisasjon innanfor fransk Røde Kors. Ranveig har fått vite at familien mellom anna ikkje fekk dusje, fordi badet i etasjen var stengt av. Ingen i familien har fått vaska kroppen sidan dei blei uttransportert.

– Til og med på hotellet, som ein jo skulle forvente var av ein viss standard, har dei opplevd å ikkje få hjelpa dei treng. Dei har levd under kummerlege forhold, seier Kaldhol.

Det siste Randi har høyrt frå familien er at dei måndag morgon reiste tilbake til flyplassen, etter opphaldet på hotellet.

– Eg frykta ei stund at dei ville ta vegen vidare frå hotellet og ut i gatene i Paris. På flyplassen har dei det trass alt varmt og tørt. Dei har også eit minimum med mat der. Dei klarer seg, men berre så vidt.

Vil ikkje splitte familien

Situasjonen verkar ifølgje Ranveig å vere veldig fastlåst. Familien har fått høyre at dei skal få eit tilbod om ein bustad 31. mars, men til Ranveig har dei sagt at dei er veldig usikre på om så skjer. På grunn av storleiken på familien, og fordi mora er den einaste omsorgspersonen, har franske myndigheiter hatt vanskar med å finne ein stor nok bustad.

– Dei ynskjer ikkje å splitte familien, som jo er forståeleg nok, seier Ranveig.

– Lite planlagt

– Det verkar som om dette har vore lite planlagt. Eg trur norske myndigheiter har fått litt panikk med tanke på tida. Eigentleg skulle dei jo vore ute igjen av landet innan seks månader etter dei kom til landet. Den fristen er overgått, kanskje på grunn av Simreth sitt siste svangerskap. Ho var gravid når ho kom til Noreg i slutten av mai.

Ranveig Kaldhol meiner det har gått litt raskt i svingane, dei har ikkje tatt seg tid til å sjekke om mottakarlandet Frankrike hadde alt klart.

Ho reagerer også på Framstegspartiet sin parlamentariske leiar, Harald Nesvik, som i slutten av førre veke uttalte at Noreg hadde gjort rett i saka, medan Frankrike ikkje gjorde sitt.

– Det hjelper borna svært lite kven som har sitt på det tørre i denne saka. Det hjelper svært lite for toåringen som kastar opp og har diaré, på ein flyplass i eit framand land. Noko må snart skje, seier Kaldhol.