At fleirtalskoalisjonen i det nye Hareid kommunestyre har vern av dagens skulestruktur som punkt ein, er truleg inga bombe for folk flest.

Avtalen er skriven under av toppkandidatane for Folkelista, Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti i Hareid.

Punkt 1 er altså at dagens skulestruktur ikkje skal endrast i komande periode.

For å vere på den heilt trygge sida er punkt to i avtalen at det ikkje skal gjerast vedtak med signal som er i strid med punkt ein.

I punkt 3 heiter det at Hjørungavåg skule skal få ei naudsynt oppussing, og at det skal leggjast planar for ei utviding/oppgradering etter behov.

I punkt 4 er fokuset flytta til Brandal, der det skal skje ei utbetring og sikring av kaifronten.

I punkt 5 er det semje om at prosessen med å avhende Brandal skule skal fullførast.

Frå akva- til fritidsområde

Punkt 6 handlar om miljø, og at NFFFA-områda utanfor Brandal/Alme skal gjerast om til NFFF-område.

Punkt 7: Omsynet til jordvern skal vege tungt i omreguleringssaker.

I punkt 8 heiter det at koalisjonen arbeider for å skaffe byggeklare tomter i alle krinsane.

Ungdomsarbeidar i heil stilling

I punkt 9 : Ungdomsarbeidar i heil stilling

10: Psykiatrisk dagsenter skal prioriterast

11: Arbeide fram ein attraktiv park- og sentrumsplan og gjennomføre planen

12: Den ruspolitiske handlingsplanen skal innehalde tak på skjenkelyve i kommunen ved neste rullering.

13: Det vert ikkje sal av kraftaksjar.