Det skjedde mot røystene frå Høgre, Venstre og Hanne Notøy (Arbeidarpartiet). Til saman åtte røyster, 16 for samanslåing.

Egil Ulfstein gjorde framlegg på vegner av Ulstein Høgre om at Ulstein kommune må jobbe for at Ulstein blir vertskommune for det samanslåtte kontoret. Han ville ikkje vere med på å flytte arbeidsplassar ut av Ulstein. Han tenkte også på brukarane av NAV. Det er ikkje like enkelt for alle å reise til Hareid, og viste til bekymringa frå Ulstein Pensjonistlag. Ulstein kommune har langt fleire innbyggjarar og bedrifter enn Hareid, såleis er her langt fleire brukarar i Ulstein.

Hanne Notøy kunne ikkje sjå i sakspapira korleis tenestene ville bli betre ved ei samanslåing. Ho kunne heller ikkje sjå at dei tilsette eller brukarane hadde vore med i prosessen, og var difor skeptisk til å følgje tilrådinga. Notøy har lese Stortingsmeldinga, og meinte bestillinga derifrå ikkje er oppfylt. Har fleire kommunar vore spurt om dei vil vere med i samarbeidet?

Kersti Hasund (SV) tok til orde for at Ulstein bør få ein filial brukarane kan gå til.

Odd Arne Vikebakk (KRF) minna om at det er 11 km mellom dei sentrum i Hareid og Ulsteinvik. Ei samanslåing blir gjort for å sikre ei regional forankring for denne tenesta. Det blir gjort tiltak for dei som ikkje meistrar teknologien, eller har vanskar med å kome seg til Hareid.

Siger til Fellesrådet

– Dette er ein liten siger for Fellesrådet, meinte Ottar Kaldhol (Ap og leiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne), og viste til at det er dei som har fått med tillegget i vedtaket som seier at NAV må sikre at menneske som ikkje brukar digitale tenester til ei kvar tid får dei tenestene dei har bruk for. Fellesrådet vil følgje med på at dette skjer.

Ordførar Knut Erik Engh (FRP) tok til orde for at Ulstein viser ei rausare side. – Viss ingen vil samarbeid med oss, så kjem me ingen veg, sa han. Engh hadde vore på Moa-konferansen og lært om at skal ein lukkast må ein samarbeide. – Ingen vil samarbeid med nokon som vil ha alt sjølv, sa han. Og kjenner seg trygg på at avtalen vil føre til gode tenester også for innbyggjarane i Ulstein. Dei som ikkje meistrar det digitale vil bli tatt vare på.

«SP-politikk»

Lisa Mari Breivik Anderson syntest det var morosamt å høyre representantane snakke varmt for «senterpartipolitikk». Det er ikkje lenge sidan kommunestyret diskuterte å slå saman kommunar. Då var det ein del tenester som skulle slåast saman.

– No er det på ein måte det me gjer, men det er ein del som går i mot det.

I kommunesamanslåingsdebatten var det mange som snakka varmt om store robuste kommunar og tenester. Ho trur ikkje automatisk det blir betre tenester av større einingar, men i dette tilfellet trur ho det blir betre tenester av å samla dei tilsette. I samband med å søkje på foreldrepengar har ho opplevd at tilsette på det lokale kontoret ikkje kunne svara, ho måtte ringje eit anna kontor. Ein kan ikkje forventa at dei som jobbar på NAV er ekspertar på alt, men å samla fleire tilsette får ein samla ein breiare kompetanse.

– Nav er så stort, det er så mange ting, ein kan ikkje forvente at det sit ekspertar på alt i Ulstein.

Ho minna også om at ikkje alle bur i sentrum og kan gå til NAV-kontoret i dag heller. Det er heller ikkje så ofte folk treng å møte fysisk på NAV-kontoret. Men ho fekk med eit punkt i vedtaket der dei ber Nav leggje til rette for spesialavtalar ved behov, for brukarar so har utfordringar med å reise til det nye kontoret på Hareid.

– Det er NAV sin jobb å møte brukaren der han er, om han treng det, sa assisterande rådmann Verner Larsen. Det står også i vertskommuneavtalen at Ulstein skal stille tilgjengeleg lokale til disposisjon for Nav når det er tenleg å ha møte med samarbeidspartar eller brukarmøte i Ulstein.