Torsdag vart kabelleggingsfartøyet  NKT Victoria døypt under ein sermoni i Karlskrona i Sverige. Skipet er bygd hjå Kleven verft.

Les også: No er kjempeskipet levert

Kleven skriv i ei pressemelding at skipet er blant dei mest avanserte i verda, med eit design som tek utgangspunkt i omfattande erfaringar med offshore installasjonar. Det er Salt Ship Design som står for design på det 140 meter lange skipet.

Som Windea Leibniz bygd ved Ulstein verft er også NKT Victoria blant finalistane i årets kåring av "Ship of the year". Vinnaren blir presentert under NorShipping-messa i slutten av månaden.