Første omgang

Jamn start mellom dei to laga på Høddvoll-matta. Eit offensivt Nardo-lag pressa, men Hødd har så langt vore flinke til å avvæpne det som har kome. Første avslutninga på mål kom derimot ikkje før kampuret viste ganske så nøyaktig 7 minutt. Jonas Lindgård fekk pannebrasken på eit godt slått frispark, men hovudstøytet blei rett og slett for svakt.

Hødd prøvde seg med ein fin kombinasjon etter 12 minutt, der Torbjørn Kallevåg la opp til Bendik Torset, som nikka ballen vidare mot Magnus Myklebust, som ville ha kome åleine med keeper, hadde han fått tak i ballen. Diverre blei det litt for upresist, og Nardo fekk kontroll.

Hødd siin første store sjanse i kampen kom etter 15 minutt, ved Didrik Sereba, som etter to-tre minutt med godt spel av dei blåkvite rundt og i Nardo sin sekstenmeter, klemte til frå like utanfor sekstenmeterlinja. Diverre gjekk skotet langt over tverrliggaren.

Så, etter 27 minutt, kom sjansen Hødd ikkje burde missa på. Bendik Rise spelte seg fint innover i bana, slo over til Torbjørn Kallevåg, som kom springande i fantastisk posisjon. Med berre keeper mellom han og mål fekk han desverre ikkje klemt til skikkeleg på innlegget, og ballen gjekk til side for mål.

Etter 31 minutt sat det derimot for Hødd! Torbjørn Kallevåg blei vakkert spelt gjennom av Bendik Rise, og kunne kontrollert styre ballen i mål nede ved lengste stolperot til 1-0. Like etter kunne Hødd ha kontra Nardo i senk og dobla leiinga ved Didrik Sereba, men det blei med forsøket. Etter 36 minutt kunne Sereba nok ein gong ha plussa på Hødd si leiing. Han gjekk fint inn mot seksten, og banka til på mål. Men, keeper fekk avverja.

Andre omgang

Begge lag starta andre omgang energisk, på same måten som i første. Spelet bølgja mykje fram og tilbake, og ingen klare målsjansar heilt i starten.

Kjempesjanse etter 52 minutt for Nardo-spelar Christoffer Engan. Hødd-forsvaret følge ikkje godt nok med, og Engan blei spelt gjennom. Men, ein god Jan-Lennart Urke i Hødd-målet fekk avverja skotet frå Engan.

Nardo var farleg framme ved fleire høve kring spelte 60 minutt, og Nardo burde nok sett med nøytrale auge utlikna.

Hødd sette like før 70 minutt inn både Amani Mbedule og Sondre Beite for å "vekke til live" igjen laget litt, etter ein dårleg periode.

Etter 77 minutt kom Amani fram til sin første sjanse, då han vendte inn i bana og fyrte av mot lengste. Diverre gjekk ballen utanfor.

Begge lag var farleg framme fleire gonger rundt 80 spelte minutt og mot slutten av omgangen, men det lukkast ikkje for verken Hødd eller Nardo å omsetje sjansane i mål.

Men så, to minutt før full tid, skulle det bli blåkvit jubel på nytt. Amani Mbedule gjorde eit brilliant forarbeid og la ut igjen i feltet, der ballen til slutt enda i beina til Sondre Beite. Den lynkjappe angriparen gjorde ingen feil, og banka ballen i mål til 2-0.

Det skulle også bli noko av det siste som skjedde i kampen. Det enda til slutt 2-0 på Høddvoll.

Hødd stiller dette laget mot Nardo:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Preben Sætre, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset - Didrik Sereba, Bendik Rise, Magnus Myklebust

Benken: Sivert Pieroth, Bader Rahhaoui, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Amani Mbedule, Sondre Beite, Håkon Brautaset

Før kampen

Laurdag møter Hødd serieleiarane Nardo på Høddvoll. Bortelaget har tatt fem strake sigrar i 2. divisjon og nesten ikkje sleppt inn mål så langt denne sesongen, og Hødd er ikkje blant laga som scorar mest.

- Det blir ikkje mykje mål i den kampen, skjemtar Hødd-trenar Sindre Eid, men legg til:

- Vi scora to sist, og håpar vi skal halde fram på same måten. Vi har ei målsetjing om at dette laget berre skal verte betre og betre, og vi trur på at vi kjem til å få endå meir flyt i det offensive spelet. Så langt har vi vore gjerrige bakover. Det skal vi halde fram med, og så skal vi sette endå større trykk offensivt enn vi har klart å gjere så langt.

Til no har Eid endra lite på laget frå kamp til kamp. Det er hovudsakleg på spissplassen trenaren har forsøkt ulike løysingar, men mot Nardo blir det truleg fleire endringar.

- Daniel Eid og Eirik Haugan er uaktuelle, i tillegg er Bendik Rise småsjuk, seier Eid.

Og torsdag fekk Vegard Heltne seg ein smell i ankelen. Dermed kan det vere duka for nye folk på begge sidebackane.

- No har vi også tre kampar på åtte dagar, og då vil vi få brukt større delar av stallen, seier Hødd-trenaren.

Kampstart på Høddvoll er 16:00. Den kam du følgje gjennom våre direkteoppdateringar i toppen av saka.

Tøff motstand: Sindre Eid er budd på ein vanskeleg kamp mot Nardo laurdag. Trønderane har vunne alle sine fem kampar så langt. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes