Dagbladet-TV viste store delar av årets meisterskap direkte, og den som følgte med der kunne sjå unge Matias Sætre frå Larsnes briljere i ei grein av biljard han ikkje har vore så veldig mykje innom før. Faktisk har han ikkje hatt sjansen til å øve før han var med i meisterskapet, då eit snooker-bord er langt større enn eit vanleg biljardbord.

- Det blei ei god turnering til slutt, og eg fekk meg med ein bronsemedalje. Det er eg veldig nøgd med, seier den sindige ungguten til Vikebladet Vestposten.

Møtte verdas 50. beste spelar

Matias kom seg langt i meisterskapet med i alt 48 påmelde. Heilt til semifinalen, der han blei sett opp mot ingen ringare enn Kurt Maflin. Soleklar favoritt i turneringa, og ranka som verdas 50. beste snookerspelar.

- Han har både vore med i VM og på pro-touren, så det var inga overrasking at det gjekk som det gjekk. Han er eigentleg aldri med på NM heller, rett og slett fordi han er for god. Men, det var veldig spanande å spele mot han, seier Matias.

Den enda med 3-0 og ein klar siger for Maflin. Men i bronsefinalen slo Matias til igjen, sikra seg ein siger mot Reidar Rundsveen, og edelt metall. Med det sikra han seg også verdifulle poeng til samanlagt-cupen.