Norway Cup vert ofte rekna som den største fotballturninga i verda for born. Årets turnering startar søndag 26. juli, og om lag 30.000 unge fotballspelarar frå 55 nasjonar er påmelde.

Eitt av desse laga er Stig Engen sitt Hareid G14. Dei gler seg veldig til å kome i gang med fotballkampane.

– Vi håper jo å gjere det så bra som mogleg. Hovudambisjonen er jo å ha det kjekt. Vi var der i fjor også, så vi veit jo godt kva vi går til, forklarar Engen, som er trenar for eitt av totalt tre Hareid-lag som reiser til Oslo.

– Artig med utanlandske lag

Mykje av spaninga med Norway Cup er å få møte lag som ein elles ikkje ville ha møtt i det heimlege seriespelet.

– Der er ein del lag frå Sunnmøre som reiser nedover. Vi møter mellom anna laget Norddal/Eidsdal/Geiranger. Det blir nesten eit lokaloppgjer, men vi håper å møte eit utanlandsk lag etter gruppespelet. Det er jo det som er det kjekkaste med Norway Cup – at ein møter lag ein elles ikkje møter, seier lagleiaren for Hasundgots J16-lag, Arnt-Ivar Berg.

For Engen sin del det Ullern som truleg vert den største utfordringa i gruppespelet.

– Dei ligg visst heilt i toppen i serien sin, så dei trur eg vil vere eit bra lag. Elles er jo det alltid artig å møte lag frå utlandet, sjølv om det kan vere litt både og det også. Det har vel kanskje av og til vore litt fusk og fanteri i tidlegare møte med lag utanfor Noreg. Så litt blanda kjensler har det vore, påpeikar Engen.

4200 kampar

I løpet av dei sju turneringsdagane i Oslo skal det avviklast om lag 4.200 kampar. Under fjorårets turnering stilte Hareid og Ulstein med 21 lag – som då var ny rekord. I år er det 20 lag som skal med (sjå fullstendig oversikt til venstre).

Det er ingen tvil om at det kriblar i både bein og sinn inn mot fotballturneringa.

- Det er artig å vere med på Norway Cup, og å spele fotballkampar er jo er jo det kjekkaste, seier Engen.

- Dette er sesongens høgdepunkt, så dette er noko vi gler oss veldig til. Det er også mange foreldre som tek turen, så vi gler oss like mykje som spelarane, legg Berg til.

På Norway Cup?

Søndag sparkast årets Norway Cup i gang rundt om på fotballbanene i Oslo. Dersom du skal til hovudstaden, anten for å vere spelar eller tilskodar, er det berre  å sende inn bilete frå fotballturneringa! Om du ønskjer å dele minna dine frå «fotballveka» på Ekeberg, eller dei andre banene, kan bilete sendast til sportsmailen vår, som er sport@vikebladet.no.

Kampoppsett for lokale lag:

Haddal

G13 (7ar):

Skjåk - Haddal

Heddal I - Haddal

Haddal - Fjellhamar FK 7

J14 (7ar):

Vind IL - Haddal IL

Haddal IL - Heddal

Bjørn - Haddal IL

Hareid

J14 (7ar):

Hareid - Medkila Team

Nordhordland United - Hareid

Hareid - Valder IL

G14 (7ar):

Hareid - Indrefjord IL

Ullern Hvit - Hareid

Hareid - Sund SK

G15/16 (7ar):

Bergen Nord 2 - Hareid

Rustad - Hareid

Hareid - Askvoll og Holmedal IL

Hasundgot

G13 (7ar):

Lom 2 - Hasundgot

Hasundgot - Trane

Hasundgot - Krødsherad IL

J14 (7ar):

Hasundgot - Keflavik

Rosendal/Uskedal2 - Hasundgot

Hasundgot - Fjellhamar Hvit

J15/16 (7ar):

Norddal/Eidsdal/Geiranger - Hasundgot

Hasundgot - Konnerud 2

Hasundgot - Fløy

Hødd

J13 (7ar):

Larkollen IL - Hødd

Bøler Stjerne 2 - Hødd

Hødd - Bergen Nord 3

G13 (9ar):

Hødd 2 - Nord

Hødd 2 - Rjukan IL

Haslum 2 - Hødd 2

Hødd 1 - Holmlia

Rælingen 3 - Hødd 1

Hødd 1 - Løvenstad FK

J14 (7ar):

Hødd Blå - Lille Tøyen

Syril IL - Hødd Blå

Hødd Blå - Åmdal-Tokke FK

Emblem Hvit - Hødd Blå

*

Dahle IL - Hødd Kvit

Hødd Kvit - Nordby Turbojenter

Strand-Ulv - Hødd Kvit

G14 (7ar):

Vålerenga Fotball 4 - Hødd 2

Hødd 2 - Ulfstind

Hødd 2 - Svelgen

G14 (11ar)

Hødd 1 - Fana 3

Hødd 1 - Grüner

Drøbak/Frogn IL Rød - Hødd 1

G15/16 (7ar):

Hødd 3 - Hausvik

International FC - Hødd 3

Hødd 3 - Åndalsnes IF

Vågå - Hødd 3

G15/16 (11ar):

Rjukan IL - Hødd 1

Åsane 1 - Hødd 1

Hødd 1 - Heming

*

Hødd 2 - Kragerø IF

Hødd 2 - Nest-Sotra/Nordre Fjell

Team Pakistan - Hødd 2

J15/16 (7ar):

Hødd 1 - Abildsø

Surnadal - Hødd 1

Austrheim - Hødd 1

*

Skjervøy Idrettsklubb - Hødd 2

Grue - Hødd 2

Hødd 2 - Gransherad IL