Bakgrunnen for vedtaket i det kommunale kontrollutvalet, er at fylkeskommunen for ei tid tilbake sende ut ein e-post til ordførar og rådmann om refusjonssøknad. E-posten vart sendt ein torsdag med frist for å søkje om refusjon på mandag. Verken ordførar eller rådmann sjekka e-posten slik at fristen gjekk ut. Konsekvensen var at Hareid kommune tapte eit beløp i storleiken 300.000-400.000 kroner.

I følgje sakspapira til Kontrollutvalet er det uvisst kvifor rådmannen ikkje sjekka e-posten dei aktuelle dagane.

Ei prinsippsak

- Ordføraren var oppteken med andre verv i dei aktuelle dagane. Kontrollutvalet stiller spørsmål ved kor mange verv ein ordførar som er tilsett på full tid, kan ha. Dette er ei prinsippsak, og det er kommunestyret som må leggje føringar her.

Kontrollutvalet stiller seg undrande til postrutinane generelt når dette ikkje vart fanga opp, heiter det i saksutgreiinga til Kontrollutvalet.

Orientering om postrutinar

I tillegg til vedtaket om å få ei oversikt over verva til ordføraren, gjorde Kontrollutvalet også vedtak om at dei ønskjer ei orientering om postrutinane, og eventuelt kva administrasjonen gjer av tiltak for å unngå at slikt skjer igjen.

Begge punkta vart samrøystes vedteke.

Saka skal til Hareid kommunestyre som referatsak.