– Vi verka gira og klare før kampstart, og vi hadde veldig lyst til å vinne, men tidleg i kampen så merka vi at dei var meir gira enn oss. Eg veit ikkje om vi trudde vi var så gode etter Brann-kampen at vi trudde det skulle bli ein lett siger, men vi fekk oss ein vekkar.

Michael Karlsen seier at det heldigvis er tre kampar kvar veke, og at Hødd slepp å vente så lenge for å få sjansen til å revansjere tapet.

– No må vi fortsette slik som laget har gjort i heile vinter. Då var vi solide og veit at når vi gjer det vi er gode på. Mot Bærum gjorde vi ting som vi ikkje er gode på, og då ser vi korleis det gjekk.

Kor godt kjenner de Jerv?

– Ikkje så veldig godt. Vi såg dei mot Brann på måndag, og dei er eit bra lag med trøkk og tæl. Det er eit tungt lag med mykje duellkraft, men om vi spelar slik som vi gjorde mot Brann og får ballen til å gå slik som vi kan så skal vi slå Jerv.

I løpet av sitt møte med Obos-ligaen har Jerv teke tre poeng på dei første fire kampane. Det er ikkje så imponerande i seg sjølv, men det er før ein ser at Jerv har teke poeng mot både Brann, Sogndal og Sandnes Ulf.

«Mikke» forventar ein tøff kamp, men han meiner heilt klart at det er ein kamp der Hødd skal stå att med tre poeng.

– Vi har som mål å slå alle lag som kjem til Høddvoll. Det har alltid vore eit fort, sjølv om det var litt under pari i fjor. Vi skal vinne alle kampane her, uansett kven som kjem på besøk.

Ventar på scoringa

Etter ei sesongoppkøyring der Karlsen scora sju mål på ni kampar ventar både angriparen og Høddvoll-publikum på den første scoringa i serien. Sjølv trur han den kjem snart.

– Det er noko eg ikkje prøvar å tenke på. Det blei ein del scoringar i vinter, men i serien har det vore litt bob-bob. Eg tek med meg at eg kjem til sjansar og har vore veldig nære, men eg ventar litt på målet.

Karlsen har også vore viktig i Hødd sitt angrepsspel sjølv om scoringane framleis let vente på seg.

– Eg må berre male på, så veit eg at måla kjem snart. Det hadde vore godt, smiler han.

Sjå også Hødd-magasinet: - Vi har litt å revansjere

Slik Hødd spelar så er det ofte Karlsen som ender med mykje fokus frå forsvarsspelarane, og det har ikkje vore uvanleg at han bitt opp fleire motspelarar og såleis skaper rom for medspelarane.

– Eg trur nok ein del veit at eg har scora ein del tidlegare, og når eg er såpass stor i tillegg så er det vanskeleg å unngå at eg trekker til meg merksemd. Samstundes prøvar eg å vere litt lur slik at eg kan skaffe meg rom, og elles tek eg merksemda slik at andre får meir plass.

Karlsen understrekar at det klart viktigaste er at laget scorar mål og vinn fotballkampar.

– Men å få målet hadde vore deilig. For ein spiss er det godt å score mål.

Karlsen har starta alle Hødd sine seriekampar denne sesongen, og har såleis fått spele med fleire forskjellige konstellasjonar i den offensive trearen.

– Vi har spelarar som er forskjellige. Det er bra og då blir det vanskelegare for motstandaren å stoppe oss. Alle som har spelt der framme er gode spelarar og det er mange som skal få trøbbel med oss denne sesongen. Fram til Bærum-kampen har det vore bra offensivt og vi må berre fortsette. Vi kan slå alle, avsluttar Karlsen.

To truleg tilbake mot Jerv

Både Joachim Magnussen og Magnus Myklebust måtte stå over kampen mot Bærum. Myklebust var gjennom ein sein test, men rakk ikkje kampen.

Når nyopprykka Jerv kjem til Høddvoll torsdag er truleg begge spelarane tilbake i troppen.

Ifølgje Hødd sine nettsider er det berre to spelarar, Vegard Heltne og Bendik Torset, som heilt sikkert ikkje er aktuelle for kampen.

Dersom du ikkje får sett kampen frå tribuneplass på nye Høddvoll, så får du alle dei viktige hendingane i kampen her på Vikebladet.no.