Med nytilsette Stig Monsen som hovudtrenar såg sesongoppkøyringa ut til å leggje til rette for ein svært god sesong for Hareid i år.

Det vart følgd opp med ein braksiger i første seriekamp mot Valder IL. Men så kom det nokre tøffe kampar på våren.

– Rundt mars så tenkte eg ikkje noko på plassering, men eg trudde nok at vi skulle ha vunne langt fleire kampar, det skal eg innrømme, seier Monsen, som legg stor vekt på at dei ikkje har takla motgang i år.

– Vi har sjeldan blitt spelt av banen, med unntak av Langevåg som var årsverste, men vi har ikkje vore flinke nok til å takle tap, skadar, kort eller at folk har slutta. Summen av det har vi ikkje vore flinke nok til å takle – men det er for all del inga unnskyldning, fortel Hareid-trenaren.

Motiverte

Monsen trur den gode sesongoppkøyringa kan ha vore ein medverkande årsak til at det har gått litt trått i enkelte kampar utover på våren.

– Det var nok ikkje ei kvilepute, men eg har ein liten mistanke om at det vart ei nøgd kjensle, for vi gjekk resultat- og prestasjonsmessig veldig bra. Vi ønsker oss tilbake der vi var, men vi har ikkje meistra det. Det må vi skjerpe oss på, så det i seg sjølv er motiverande, seier ein optimistisk Hareid-trenar.

Den tidlegare Molde FK-spelaren seier at den einaste måten å «reise kjerringa» på etter sommarpausen er å gå i seg sjølve.

– Eg skal ikkje gjere som altfor mange andre gjer – å snakke om dommaren. Dei synest eg synd på. At vi ikkje har takla det som har møtt oss må vi ta på alvor, og vi får håpe at vi blir betre på dei tinga i haust.

Betre rusta

Ifølgje Monsen er det ein del positivt å ta med seg frå avslutninga på vårsesongen, då dei vann mot Larsnes/Gursken.

– Å vinne kampar er kjempeviktig både om ein spelar i 4.-divisjon eller elles. Vi får sørgje for å vere betre rusta til å vinne kampar allereie frå start av. Så får vi håpe at det blir ein langt betre haustsesong enn i vår – for vi er langt ifrå fornøgd med vårsesongen, seier Monsen bestemt.

Noko av det Hareid må sjå på er heimeformen. På Hareid stadion har det berre blitt med éin siger på seks forsøk.

– Eg veit ikkje kor tilfeldig det er, men talas tale seier at det ikkje har vore bra nok. Så det er sikkert mange teoriar om det, men vi må sjå på oss sjølve, meiner Monsen.

NB: Etter elleve spelte seriekampar ligg Hareid på ein 10.-plass med 13 poeng. FK Sykkylven toppar 4.-divisjon med 22 poeng framfor Ørsta, Rollon og Emblem som alle står med 20 poeng. Heile tabellen ser du her.