Kyrkjeverje Anders Myrene seier til Vikebladet Vestposten at dei no står att med to alternativ. Anten vil dei føre opp eit påbygg på Ulstein kyrkje. Eller så vil dei føre opp eit nytt bygg på Store Vikholmen.

Det vart tidlegare førespegla at Ulstein kommunestyre ville få lagt fram ei sak om arbeidskyrkje i kommunen før jul, men prosessen har teke lenger tid enn venta. No har Lund & Slaatto Arkitekter utarbeidd ein rapport der dei vurderer dei to alternative opp i mot kvarandre.

Planutvalet til Ulstein sokn hadde møte tysdagskvelden denne veka der dei såg på rapporten, men kyrkjeverja vil ikkje seie noko til lokalavisa om det var større stemning for det eine alternativet enn det andre. I slutten av januar får kyrkjeleg fellesråd lagt fram rapporten.

Til soknemøte

Etter kyrkjeleg fellesråd har fått diskutert rapporten, vil Ulstein sokn kalle inn til eit soknemøte. Det er ope for alle medlemer i soknet. Det er førebels ikkje sett nokon dato for dette møtet.

Når soknemøtet har kome med si tilråding om dei vil ha nybygg på Store Vikholmen eller byggje på Ulstein kyrkje, vil saka gå tilbake igjen til kyrkjeleg fellesråd. Dei har truleg møte om dette i mars i år. Når dei har kome med ei tilråding, kan saka gå til Ulstein kommune.

Arkitektkonkurranse

Når kommunen så har teke eit val om kvar arbeidskyrkja skal liggje, vil det bli arkitektkonkurranse. For det er førebels ikkje bestemt korleis dei alternative bygga skal sjå ut.

Fleire har teikna skisser til korleis ein kan få til ei arbeidskyrkje knytt til eksisterande kyrkje, men ingen av dei er vedtekne.

– Det er løyvd pengar til arkitektkonkurranse i investeringsbudsjettet til kommunen, men ikkje til bygging, opplyser kyrkjeverje Myrene.

– Vil du seie noko om kva alternativ du trur blir realisert?

– Nei. Båe alternativa har sine sterke sider. Det kjem an på kva ein vil leggje vekt på.

Han trur ikkje eit kyrkjebygg på Vikholmen vil kome i konflikt med skateparken. Skateparken er mobil, og det er snakk om å flytte han til Arena Ulstein, men om han blir leggjande der er det heller ikkje noko problem.