Bygdelaget i Eiksund har sendt brev til teknisk etat der dei ber dei setje ned fartsgrensa gjennom Eiksund.

- Bygdefolket i Eiksund har no sett seg lei av råkøyring gjennom bygda vår, skriv Morten Feiring og Ingerid Sæter i Eiksund Bygdelag.

I dag er det fartsgrense 50 km/t på den smale vegen som går gjennom bygda frå Havåg til Ødegård. Vegen som snirklar seg mellom husa må delast av bilar, bussar, vaksne og born. Det er ingen gang- og sykkelveg langs vegen. Med farta bilane har lov til å køyre i dag blir det skapt mange farlege situasjonar både for dei som er ute og går, syklar eller møtande bilar og bussar.

Med nytt byggjefelt i Johanmarka og bygging elles i bygda blir det berre fleire og fleire born ute langs vegen. Og fleire skal det bli, varslar bygdelaget.

- Vi ynskjer å behalde alle, og ikkje kvi oss for å sende ungane ut, skriv dei og ber kommunen setje ned fartsgrensa til 40 km/t for å skape tryggleik og ro i bygda.