– Kva skjer når småbarnsforeldra, spesielt aleineforeldra, utan slekt og vener, blir alvorleg sjuke? Kven skal ta seg av den daglege omsorga av borna når mor eller far er «ute av drift? Kven får borna på skule, lagar middag, hjelper til med lekser, spør Terje Garnes Oterhals, som er nestleiar i Ulstein Senterparti og 3.-kandidat for dei til kommunevalet.

Han viser til at menneske flyttar stadig meir på seg. I Ulstein er det mange tilflyttarar som mellom anna er knytt til den maritime næringa, eller tilflyttarar i annan jobbsamanheng. Det er ikkje alle som har besteforeldre eller andre slektningar å støtte seg på, og ikkje alle har like stort sosialt nettverk til å hjelpe seg.

– Me i Senterpartiet meiner at menneske må få den draghjelpa dei treng, så nært folk som mogleg, seier Oterhals som sjølv er småbarns- og trebarnsfar.

Prøveprosjekt

Ulstein Senterparti vil arbeide for heimebasert bistand til born når foreldra ikkje kan vareta omsorgsfunksjonane grunna kortvarig sjukdom. Dei ønskjer eit prøveprosjekt som byggjer vidare på den individuelle tenesta kommunen alt tilbyr, der ein har kvalifisert personell som kan jobbe med born i ulike aldrar og gjer kvardagen til borna så normal og trygg som råd. Denne tenesta bør liggje under omsorgstenesta, ikkje barnevern eller helsestasjonen.

– Tanken er at det skal vere låg terskel for å ta kontakt, ha særs kort sakshandsamingstid og at kommunen skal vere raskt på plass for å yte hjelp til dei som treng det, fortel Oterhals.

Senterpartimannen synest kommunen dei siste åra har vore vel opptekne med å byggje kostnadskrevjande bygg. No bør kommunen konsentrere seg om innhald og kvalitet i dei kommunale tenestene.

– Me bør leggje til rette for gode bu- og oppvekstvilkår for dei innbyggjarane som alt bur i Ulstein, seier Oterhals.

Vidare til fylke og stat

Oterhals har teke denne saka opp vidare i partiet, for han meiner at dette er aktuelt for alle kommunar.

Mellom anna har han kontakta stortingsrepresentant Jenny Klinge.

– Dette er rett og slett ein god idé som vil kunne bety særs mykje for dei som opplever akutt sjukdom. Det fine med dette tiltaket er at det skal vere raskt å få på plass, og at det skal vere fleksibelt og målretta, seier Klinge som synest det er godt å sjå at det i valkampen kjem fram framlegg til praktiske løysingar innan kommunal velferdsproduksjon.

– Bør bli nasjonal ordning

Oterhals har også vore i kontakt med stortingsrepresentant Kjersti Toppe. Toppe er også nestleiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Ho synest framlegget til Ulstein Senterparti er svært godt.

Toppe fortel til Vikebladet Vestposten at ho sjølv har opplevd at ho med 6 relativt små born (minste 1 år og eldste 13 år) ikkje fekk hjelp då ho vart utskriven frå sjukehus med blindtarmoperasjon, med legeforbod mot å løfte. Løysinga vart at mannen tok ut ferievekene sine for å ta seg av borna deira til ho greidde å løfte eittåringen.

– Eg fekk beskjed om at eg kunne bli sjukmeldt, det var det einaste. Men sjukmeldt frå kva? Og kven var vikaren, spør Toppe som på dette tidspunktet var heimeverande.

Toppe veit at nokre kommunar har ordningar for dette, men ikkje gode nok. Her må det offentlege inn å ta ansvar.