Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag overdratt dei avtalte 26 prosenta av aksjane i Fjord1 til Sævik-familien sitt Havila-konsern. Havila-eigarskapen skjer gjennom det 100 prosent eigde selskapet Havilafjord AS.

Sjølv om Havila-konsernet no har kontroll over det tradisjonsrike ferjereiarlaget, har dei valt å ikkje gjere store endringar raskt i selskapet.

Høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen held fram som styreleiar. Som ny nestleiar i styret har fylkeskommunen peikt ut Vidar Grønnevik, og nytt styremedlem frå «Havila-systemet» er Janicke Driveklepp. Bente Nesse frå fylkeskommunen held fram som styremedlem.

Krevjande prosess

Etter ein lang og krevjande prosess er Havila-gründer Per Sævik og Sogn og Fjordane fylkeskommune nøgde med at handelen no er formalisert og på plass:

– Fjord1 er eit veldrive selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011. Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at vi skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldreve, understrekar Per Sævik.

– Eg er glad denne saka no er løyst, seier fylkesordførar Jenny Følling og legg til:

– Vi skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet.