Åge Hareide er klar som ny dansk landslagssjef. Det stadfesta det danske fotballforbundet DBU under ei pressekonferanse torsdag. Der vart Hareide presentert for eit omfangsrikt pressekorps.

Hareide har fått ei toårskontrakt med ein opsjon på to år.

Internasjonal erfaring frå landslag og klubbfotball, inngåande kjennskap til dansk fotball, gode resultat og brei leiarerfaring er nokre av krava som vart stilt då DBU skulle finne ny landslagssjef.

Dette seier Hareide under pressekonferansen frå Parken:

- Drillo er eg ikkje, og eg har egentlig aldri blitt samanlikna med han. Han er noko mindre enn meg, og vi tenkjer litt annleis. Eg tenkjer fotball litt annleis enn det han gjer. Fordelen med å vere 62 er at ein har mykje erfaring. Det handlar om å ta vare på lidenskapen for fotball. Det har alltid vore mi drivkraft, for fotball og for dei spelarane eg skal trene.

- Det handlar om talentmassen og spelarane ein har tilgjengelig. Danmark har mange gode spelarar og mange unge spelarar på veg opp. Danmark har også rike tradisjonar for deltaking i meisterskap frå tidlegare.

Hareide fortel at han først vart kontakta om jobben i Danmark etter at Morten Olsen sa frå om at han ville gje seg som landslagstrenar, men Hareide seier også at han hadde rekna med at Danmark ville kome til EM og at det ikkje ville vere aktuelt med jobben før etter meisterskapet.

- Det ville vere naturleg at Michael Laudrup blir spurt, men eg har det fint med at han har blitt spurt.

- Eg kjenner Morten Olsen veldig godt, ein god fotballmann og fotballtrenar. Han har utvikla laget og har ei retning å spele på som han trur på. Det er mykje bra med hans konsept. Nokre endringar vil alltid kome, utan å forlate grunnkonseptet. Det skal vere ein raud tråd også nedover ungdomslandslaga. Det handlar om små detaljar. Eg gjorde også Malmö litt meir direkte, og kanskje må vi gjere det også med det danske landslaget.

Det er ikkje klart kven som vil vere Hareide sin assistenttrenar.

- Eg trur det er ein fordel med ein som kjenner det danske landslaget, seier Hareide, som legg til at det skal vere ein danske.

- Det handlar om å ta vare på grunnkonseptet, at vi spelar fotball og ikkje sparkar fotball. Danmark har forsvarsspelarar som kan spele ball, og spelarar lenger fram i bana som kan motta ballen. Det lettaste vil vere å behalde mykje av det eksisterande konseptet.

- Det er viktig å ha det hyggelig, då får ein ut dei beste prestasjonane. Spelarane skal trivast saman på landslaget, men det blir heller ingen hygge utan sigrar. Vi skal vinne fotballkampar.

- Tankegangen handlar om fire år, men når ein skal jobbe saman i ein jobb som er så avhengig av resultat. Vi har uttalt at vi skal prøve å kome til VM, det må vi gjere gjennom resultat. Om vi ikkje kvalifiserer oss så vil det kome ein diskusjon om ein skal halde fram.

- Det er veldig personleg når eg seier at det er ei ære. Dansk landslagsfotball har ei stor stjerne i Norge. Vi såg veldig opp til danske landslag. Danmark har ein veldig standing i Norge. Eg har store sko å fylle, men det får eg jobbe for, seier Hareide som legg til at det er større å vere dansk landslagssjef enn norsk landslagssjef.

- Eg kan ikkje få gjort så mykje med at eg er nordmann, skjemtar Åge Hareide.

- Når DBU spurte meg første gongen såg eg det som ei annerkjenning på arbeidet eg har gjort, men eg trur ikkje eg ville fått tilbodet om eg hadde trent eit norsk lag.