– Når folk spør meg om eg er for eller i mot kommunesamanslåing, så er jo det mest av alt eit populistisk spørsmål. Eg trur heller spørsmåla bør vere, er du for eller i mot betre tenester, og større fagmiljø? Det er det dette handlar om. Sjå til dømes på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, når det blei slått saman for dei fire kommunane. For kvar ei lita endring må det takast opp i fire ulike kommunestyre, seier Grimstad.

– Utviklinga er der

Grimstad meiner det etter kvart blir vanskeleg å sjå føre seg enkeltkommunane ein har i dag.

– PP-tenesta er samla, og fire kommunar er i dag saman om barnevernet. Ein ser at store fagetatar går saman for å løyse samfunnsoppgåver til det beste for samfunnet. Då er det litt merkeleg at vi framleis har denne kommunestrukturen. Eg trur ikkje vi sparer ei krone på å slå saman kommunane, det er i alle fall marginalt. Men, utviklinga mot større kommunar er der, og vil berre eskalere.