Like før helga tok sportsleg leiar i Rosenborg BK, Erik Hoftun, tok kontakt med Hødd. Temaet for samtalen var Pål André Helland, som allereie var klar for Trondheimsklubben frå og med 01.01.2014.

- Rosenborg ønskte å opprette ein dialog om å hente Pål André allereie no. Ettersom dette kom ganske tett innpå Europa League-kampane var det veldig viktig at vi fekk behalde han i desse to kampane, seier sportssjef i Hødd, André Nevstad.

Nøgd med avtalen

Nevstad ønskjer ikkje å avsløre detaljar i avtalen, men han meiner Hødd har god grunn til å vere nøgde med utfallet av overgangen.

- Å sleppe han no, med den avtalen som klubbane vart einige om, er akseptabelt for oss. Hadde han sett kontrakten ut hadde han blitt ein "bosman"-spelar. Då hadde vi ikkje fått noko som helst for han, utdjupar Nevstad.

Helland vil derfor avslutte Hødd-karrieren etter returoppgjeret i Europa League den 25. juli. Planen er då at han skal vere speleklar for sin nye klubb allereie 28. juli, når RBK møter Brann.

Les også: Skreiv under for RBK

100 prosent utteljing

Og Brann er eit lag som Helland enno har til gode å tape mot.

- Eg har vel 100 prosent utteljing, så mot dei har eg berre gode minner, seier trønderen.

- Vil det seie at du bør spele den kampen, Pål?

- Kanskje det? Nei, eg forventar ikkje å kome rett inn i startoppstillinga. Spesielt ikkje sidan eg då vil kome rett frå ein europacupkamp. Eg skal vere tolmodig i hausten og ta dei moglegheitene eg får. Det blir mange kampar utover sesongen, varslar han.

- Fekk kanten sin

At Rosenborg har jakta både kantspelarar og backar i det siste er ikkje ei stor hemmelegheit. Kva tankar Helland har gjort seg opp om posisjon, er det ingen tvil om.

- Vel, då har dei fått kantspelaren sin. Som eg har sagt før; det hjelper ikkje å ha ein god gaffel om du skal ete suppe. Eg trur vi kan slå fast at eg ikkje er nokon back, seier han bestemt.

Sjølv om det berre er litt over to veker til Helland forlet klubben, har han eit klart mål i sikte:

- Aller først skal eg vere med på å slå ut, sannsynlegvis, FC Aktobe slik at Hødd går vidare til tredje kvalifiseringsrunde.

- Korleis motiverer du deg inn mot desse kampane, når du veit det blir dine to siste for klubben?

- Altså, når ein er fotballspelar så har ein eit problem dersom ein ikkje motiverer seg til å spele kampar, forklarar han tydeleg.

Prosentdel av overgang

Ifølgje smp.no har Hødd også sikra seg ein prosentdel av ein eventuell framtidig Helland-overgang.

– Vi har sikra oss ein avtale som kan bli verdifull om Pål skulle slå til i RBK. Det har Pål absolutt potensiale til å gjere. Han har ekstremferdigheiter, seier Nevstad til avisa.