Det står nemleg meir på spel enn ein NM-tittel når Nordstrand Turnforening inviterer til junior-NM i Leirskalen Turnhall.

I mai går Nordisk meisterskap av stabelen i Oslo, medan European Youth Olympic Festival (EYOF) blir arrangert i Ungarn i slutten av juli. Junior-NM er ei av konkurransane som blir vurdert når utøvarane skal plukkast ut til desse to arrangementa. Konkurransen kan også kvalifisere til ein stor invitasjonskonkurranse i Gent.

– Så klar som eg kan bli

I første kvalifiseringskonkurranse enda Edel Charlotte Eiken Fosse på ein andreplass i firekampen, 0,1 poeng bak vinnaren. Ein liknande prestasjon under junior-NM vil truleg vere nok til å få vere med under både Nordisk og EYOF.

– Eg kjenner meg ganske klar for NM. Så klar som eg kan bli, trur eg. Vi har hatt nokre testkonkurransar og eg har fått trent bra, seier Edel Charlotte Eiken Fosse. Lokalavisa blei med henne på ei av dei siste treningane før avreise til NM.

– Dei to siste konkurransane har gått temmeleg bra. Eg er ganske nøgd med korleis det gjekk, med dei nye elementa eg turnar.

Kva er det som er nytt?

– Det er dobbelsalto i frittståande, og eg gjer eit slepp-element i skranke. Det har eg trent på i nesten eitt år, fortel ungjenta.

Vil unngå dei store feila

Mykje trening, mykje terping på detaljar, og den siste tida med hovudfokus på å få programma ho skal turne til å sitte skikkeleg, gjer at Edel Charlotte føler seg ganske trygg på det ho skal gjere, men ho set også klare krav til seg sjølv.

– Eg håpar å kome gjennom konkurransen til helga utan store feil. Det skal helst vere perfekt, seier ho med eit smil.

Og dersom ho kjem gjennom utan dei store feila, så er det store sjansar for at Edel Charlotte er med heilt i toppen. Ho turnar på høg vanskegrad i fleire av øvingane, og har difor også sjansen til å hente høgare poengsummar.

Kor godt kan du gjere det?

– Eg håpar på å vere blant topp tre.

Det er ikkje urealistisk. I tillegg til andreplassen frå Asker sist har Edel Charlotte også vunne invitasjonskonkurransen Unni & Haralds Pokal. Der vann ho både firekampen, samt tre av fire apparatfinalar.

– Det var eg nøgd med!

Får ho til noko liknande denne gongen vil det truleg vente større oppgåver i tida framover, og deltaking i større internasjonale konkurransar er eit klart mål for Edel Charlotte.

– Det vil bety mykje. Då får ein med seg viktig erfaring, som er godt å ha dersom ein kvalifiserer seg til større konkurransar seinare. Det er også ei stor oppleving!

Turnsystrer

Far og trenar Vidar Fosse har tru på at det kan gå vegen for Edel Charlotte, som turnar i seeda pulje under NM.

– Ho har blitt nummer åtte og fem tidlegare, så no når ho er sisteårs junior er det på tide å ta steget heilt til topps.

Men då er det mange detaljar som skal vere på plass, og Edel Charlotte må få ut det ho har trent på i time etter time i turnhallen på Skeide. Til junior-NM reiser også den yngre systera og treningskameraten, Pernille. Og medan dette blir Edel Charlotte sitt siste junior-NM, er det Pernille sitt første.

– Pernille kan vere blant dei 15–20 beste på ein god dag, trur Vidar Fosse.

Totalt er det 52 påmelde utøvarar til NM-konkurransen.

Laurdag er det firekamp som står på programmet i Leirskalen Turnhall, før dei seks beste i kvart apparat møtest i apparatfinalar sundag.

Sjå bileteserie i toppen av saka.

Skranke: Edel Charlotte Eiken Fosse deltek komande helg under junior-NM på Nordstrand i Oslo. Der kjempar ho med dei beste i landet, ikkje berre om NM-tittelen, men også om å vere ei av jentene som blir tatt ut til Nordisk Meisterskap og Europeisk ungdoms-OL (EYOF). Skal det bli realitet må ho treffe bra både i skranken og dei tre andre øvingane. Foto: Andreas Bjerknes. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes