Ljones er tidlegare tilsynslege ved sjukeheimen. I eit brev til kommunen vender han tommelen ned til den foreslegne plasseringa i «kropet» mellom dei to fløyane lengst aust i Hadartun-komplekset.

– Midtsommars er der litt formiddagssol, men det meste av dagen og storparten av året er der ikkje sol, skriv Ljones om plassen som har orientering  mot nord.

Open mot bygda

Han vil heller ha ei opnare plassering mot bygda. Den finn han på nedsida av Hadartun, «der ein kan vinke til forbipasserande og sjå litt på trafikken».

Her er det også godt med sol. Og når det gjeld vind, meiner Ljones at ein kan plante tre og hekkar mot nordavinden.

Ljones utfordrar kommunen til å la ein hage-/landskapsarkitekt få i oppdrag å lage ein  plan for området.

I brevet ser Ljones også for seg ein asfaltert gangveg ned til sansehagen og at det i tilknyting til sansehagen kan kome scene/paviljong der kor og korps kan opptre.

– Eg har alltid hatt interesse for geriatri, skriv Ljones vidare, – og har såleis hatt høve til å sjå mange sansehagar både i inn- og utland. Det ligg i ordet at dette skal vere ein stad som stimulerer sansane, som vekker minne og som kan vere med på å gjere livskvelden betre, skriv han og ser for seg at det må gå an å legge ein liten fontene eller bekk til sansehagen – og gjerne blomster og bærbusker.

– Geriatrisk forsking viser tydeleg at ein sansehage er svært viktig for trivselen og miljøet   på ein sjukeheim, legg han til.

Ljones meiner at kommunen no har ein unik sjanse til å få til ein verkeleg sansehage, men ikkje «mellom to fløyar med opning mot nord».