Blir det færre tilsette i kommunene etter ei eventuell kommunesamanslåing? Kva skjer med eigedomsskatt? Kvifor er ikkje Hareid og Ulstein saman eit alternativ? Kva blir betre og billegare for kommunen ved å slå seg saman med andre?

Det er mange spørsmål knytt til kommunereformen, og ofte kan det vere vanskeleg å få svar på akkurat det ein lurer på.

No har du imidlertid sjansen til å stille dine spørsmål direkte til kommuneleiinga i di kommune. Så om du vil vite meir om kva som skjer med kommuneøkonomien, grendaskulane, tenester, tilbod eller andre ting relatert til kommunereformen, så kan du nytte tenesta "Kan du svare?".

Til dømes har ordførar Anders Riise (Høgre) i Hareid svara på følgjande spørsmål: Kan du svare på om Hareid har noko som helst igjen for å gå saman med berre Ulstein?

Anders Riise: Hareid har nok mykje til felles med Ulstein kommune og der er no ein del saker som vi kan samarbeide betre om. Slik eg ser det har Hareid likevel klart mest fordelar med å samarbeide med fleire kommunar enn berre Ulstein, dette fordi dei samarbeida vi har interkommunalt er med fleire enn Ulstein. Vi har omfattande samarbeid innan renovasjon, helse, ikt, oppvekst, barnevern, revisjon, kontroll som alle inneber samarbeid med 4 kommunar +.

Gå direkte til "Kan du svare?"

Tenesta «Kan du svare» er eit samarbeid mellom mediehus i Sunnmørsposten konsern; Møre-Nytt, Sunnmøringen, Vikebladet/Vestposten, Fjordingen, Fjordabladet, Fjordenes Tidende og Sunnmørsposten.