Regjeringa vil gje 650 millionar kroner til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal. Pengane skal gå til rehabilitering og vedlikehald, og i Møre og Romsdal er Ulstein og Hareid to av kommunane som kjem til å nyte godt av dette tilskotet.

Totalt får Møre og Romsdal ein tilskotspakke på i overkant av 34 millionar kroner.

– Regjeringa foreslår ein ekstra tiltakspakke med vedlikehaldsmidlar for kommunar på sør- og vestlandet med store utfordringar. Det gjer at Hareid får ekstraordinære overføringar på 3.522.000 kroner, medan Ulstein kommune får 3.959.000 kroner i 2017, fortel Hareid-ordførar Anders Riise (H).

Ordføraren seier at tilskota vil gje kommunane eit noko større spelerom økonomisk, men understrekar at midlane skal gå til å dekke etterslep på vedlikehald på til dømes skulebygg, vegar og liknande.

– Det er veldig positivt for desse to kommunane, meiner Riise om tilskota til Ulstein og Hareid.

Bakgrunnen for den nye tiltakspakken er at mange kommunar har kome i ein tøff situasjon grunna tyngre tider i oljeindustrien og relaterte næringar. Sjølv om arbeidsløysa går ned i 15 av 19 fylke, så har mange kommunar på sør- og vestlandet framleis store utfordringar.

– Eg er glad for at vi har ei regjering som leverer det vi spør etter og driv aktiv motkonjunkturpolitikk i ei vanskeleg tid, seier Riise.