Før helgas handballrunde i den lokale 4.-divisjonen for kvinner var det berre to lag som enno ikkje hadde fått smaken av siger så langt denne sesongen: Hareid og Rollon. Søndag møtte dei kvarandre til dyst i Hareidhallen.

Hareid tok leiinga etter dryge eitt og eit halvt minutt, men Rollon var snare å svare og det tok ikkje lenge før gjestene frå Ålesund tok over leiinga.

Dei første 10-12 minutta var det svært jamt mellom laga, men så byrja det å butte litt imot for Hareid-damene. Rollon auka leiinga si til 8-5 med ti minutt at å spele før pause, men så tok Hareid tak i kampen. Fire kjappe mål sørgja for at Hareid tok att leiinga på stillinga 8-9, men dessverre heldt det ikkje inn til pause - og Rollon hadde eit forsprang på 12-9 halvvegs.

- Skuffa

Den andre omgangen vart ikkje så veldig mykje å juble over for vertane, for det var dei kvitkledde som styrte spelet. Midtvegs i omgangen hadde bortelaget ei komfortabel 19-11-leiing, og Hareid klarte aldri å ta igjen tabellnaboen.

Kampen enda til slutt med eit surt tap med siffera 15-27.

- Vi er litt skuffa over resultatet i dag, det må vi seie vi er, seier trener Jeanette Teigene til lokalavisa, før Karine Gade legg til:

- Eg føler at vi kan gjere det mykje betre dersom vi hadde tort å bevege oss litt meir - i staden for å stå ute på nimeteren og spele ball.

- Vart skipla

Trass det åttande strake tapet i årets sesong, seier trenarane seg nøgde med første halvdel av oppgjeret mot Rollon.

- Eg synest vi gjer ein god førsteomgang, men så vart vi så skipla når dei går ut på oss. Vi har ein del balltap fordi vi ikkje har godt nok overblikk, seier Gade, som også legg mykje vekt på at det mangla bevegelse i angrep denne kampen.

Sjølv om Hareid no ligg nedst på tabellen, som einaste lag utan siger, er det ikkje det som er i tankane på trenarane.

- Vi prøver å ikkje ha fokus på det, legg Gade vekt på.

- Vi har fokus på utviklinga vår. Det er tøffe lag vi møter i år, men det hadde sjølvsagt gjort seg med ein siger. Sigeren kjem den, supplerer Teigene.

Og Hareid får ein ny sjanse til poengjakt allereie tysdag når dei tek i mot Sykkyloven/Stranda i Hareidhallen.

Kampfakta

Hareid - Rollon (9-12) 15-27

HAREID: Line Kvalsund, Anna Stordal (1), Andrea Hasund, Sara Bigset (4), Susanne Bigset (2), Iselin Klungsøyr (1), Marte Rise (2), Line Mari Andresen, Marte Giske (2), Sunniva Liaset, Maria Slettebakk, Linda Kostaris (3), Oline Ertesvåg