Sesongen har ikkje starta heilt slik Hødd skulle ønskje. På to kampar i Obos-ligaen har det berre blitt eitt poeng, men tidlegare i veka gjekk laget vidare i Cupen etter 6-1 borte mot Godøy.

Birgitte Vik Wymer har komponert ny Hødd-song. Sjå Ulstein mannskor framføre den i årets andre utgåve av Hødd-magasinet.

Få også med deg kva Joachim Magnussen, Hans-Erik Eriksen og Magnus Myklebust meiner om cupkampen mot Godøy og om kampen mot Myklebust sin tidlegare klubb Kongsvinger.

Sjå også: - Eg har vore inspirert av Hødd ei god stund

Hødd-magasinet er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og kommunikasjonsbyrået i4it.