Fredag var det offisiell opning av den nye kinoen i Fosnavåg. Arrangementslleiar i Herøy kommune, Bjørn Holum, fortel at heile 1.260 besøkte kinoen i helga.

- Det var Kaptein Sabeltann som var den store vinnaren i helga, men det var også godt besøk på dei andre åtte filmtitlane, fortel Holum.

"Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama" er den første norske spelefilmen som var premiereklar med det nye lydsystemet Dolby Atmos, eit lydsystem som Fosnavåg kino kan skilte med.

Dolby Atmos gjer det mogleg å legge inn så mange som 128 lydar fordelt på 64 separate lydkanalar. Den største forbetringa er imidlertid mulegheitene til å plassere lyd i taket, noko som gjer det råd å skape eit nøyaktig lydillusjon av til dømes objekt som flyg forbi.

Hurrarop

- Det var tilløp til hurra-rop då publikum fekk oppleve den nye lydstandarden, seier Bjørn Holum.

Tilstaden under opninga var lyddesigner Tormod Ringnes, som saman med Espen Rønning har utført lydmiksen på Sabeltann-filmen.

Til fagbladet Kinomagasinet skildrar Ringnes Fosnavåg sin kinosal som fantastisk.

- Dette er ein av dei betre salane, ein liten sal med god kontroll over lydbiletet, seier han. Det er per i dag 11 salar som kan tilby Dolby Atmos her i landet.

Kinosjefane i dei ikringliggjande kommunane var invitert til opninga og i følgje Holum gav dei uttrykk for at dei var både misunnelege og imponerte over den nye salen.

Vil stele

Den nye kinoen har budsjettert med 25.000 besøkande i 2015.

– Det bur 9.000 personer i Herøy, men i tillegg har vi tenkt å stele publikum frå Ulsteinvik og Volda, seier Bjørn Holum til Kinomagasinet. Dei satsar også på å vise film alle dagar bortsett frå måndagar, medan dei tidlegare har synt filmar onsdagar og i helgane.

"Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama" er den første norske spelefilmen som var premiereklar med det nye lydsystemet Dolby Atmos.