10. oktober blir det vassmangel i kantinene i rådhus over heile Møre og Romsdal. Ordførarane i fylket er utfordra til å gjennomføre Water Friday til støtte for TV-aksjonen Kirkens Nødhjelp.

Water Friday blir gjennomført i lønsjpausen, og illustrerer kor viktig vatn er for oss menneska. Gjennom verkemiddel som film, appell og vassmangel får deltakarane ei erfaring av korleis vassmangel påverkar livet til menneska over heile verda.

Kommunane i Møre og Romsdal har lang tradisjon med å engasjere seg i TV-aksjonen. Dei har i alle år vist stor dugnadsånd både før og under sjølve aksjonsdagen. I 2012 sykla ordførarar og varaordførarar over 108 mil til inntekt for TV-aksjonen.

Det er fylkesvaraordførar, og leiar av fylkesaksjonskomiteen for Møre og Romsdal, Gunn Berit Gjerde som er initiativtaker til arrangementet.

– Vatn og Møre og Romsdal høyrer på mange vis saman. Mitt mål er at ein av byane i Møre og Romsdal skal kome på 10 på topp-lista i Noreg, sier fylkesvaraordfører Gunn Berit Gjerde.

Kirkens Nødhjelp har årets TV-aksjon som skal sørgje for at over éin million menneske får varig tilgang på reint vatn.