Dei førebelse rekneskapsresultata for 2014 syner at Hareid kommune leverer eit mindreforbruk på 9.940.000 kroner.

I 2011 vart Hareid kommune meldt inn i ROBEK av Fylkesmannen i Møre og Romsdal grunna eit driftsnivå over tid som ikkje var berekraftig. Mellom anna hadde kommunen eit meirforbruk på over 4 millionar i 2009 og på nesten 9,5 millionar i 2010. Det vil seie at i løpet av fire år har kommunen snudd eit meirforbruk på 9,3 millionar til eit mindreforbruk på nesten 10 millionar.

– Det kan vere krevjande å snu ei negativ økonomisk utvikling utan at det får vesentlege følgjer for tenestenivået. Og det kan ta tid. Men allereie etter rekneskapsåret 2011, kunne ein notere at kommunen sitt økonomiske resultat vart forbetra med 7,7 mill. kroner, samanlikna med året før, heiter det i ei pressemelding frå Hareid kommune.

Meir handlefridom

Ordførar Anders Riise seier til Vikebladet Vestposten at kommunen har vore gjennom og framleis er i ein krevjande situasjon, men at ein har klart å levere gradvis betre resultat dei siste fire åra.

Riise minner også om at eigedomsskatten som vart innført i 2014 utgjer i overkant av fire millionar av mindreforbruket, men at kommunen også utan eigedomsskatt ville klart å halde forpliktingane ovanfor Fylkesmannen.

– Med eigedomsskatten kan vi kome raskare ut av ROBEK og då kjem vi i ein situasjon der vi får meir handlefridom, fortel Riise.

I pressemeldinga frå kommunen gir rådmannen honnør til tilsette og leiarar i kommunen, og Anders Riise støttar rådmannen i det.

– Vi må gje honnør til administrasjonen, dei tilsette og einingsleiarane i kommunen, og til politikarane, seier Riise, som mellom anna peikar på lågt sjukefråvær og god kostnadskontroll som viktige årsaker til dei gode resultata.

Kan ikkje slappe av

Rekneskapen til kommunen skal til revidering og godkjenning, men med så gode tal kan kommunen truleg bu seg på å vere ute av ROBEK eitt år før planlagt. Det gjer godt for ordføraren.

– Det betyr at vi kan gjere våre investeringar og prioriteringar utan å måtte gå om Fylkesmannen, noko som både er tungvint og tek tid, seier Riise.

Han slår likevel fast at kommunen ikkje er ute av ROBEK endå, og at det på ingen måte er grunn til å slappe av fordi kommunen levere gode resultat.

– Vi bør ha gode resultat i fleire år framover, slik at vi kan byggje opp eit driftsfond i tilfelle vi går inn i ein ny motbakke, fortel Riise.

Resultat i Hareid sidan 2009:

  • 2009: kr 4 154 209 meirforbruk

  • 2010: kr 9 344 795 meirforbruk

  • 2011: kr 1 664 816 meirforbruk

  • 2012: kr 1 027 490 meirforbruk

  • 2013: kr 320 232 mindreforbruk

  • 2014: kr 9 940 000 mindreforbruk (førebels)