I starten av denne veka var det møte i fylkesutvalet. Der tok Gjerde opp at Fjord1/Norconsult har søkt Hareid kommune om løyve til å føre opp to lange batteribygg i betong langs sjøsida og eit høgt batteritårn.

Det vart ikkje vedteke noko i denne saka i fylkesutvalet denne gongen, men saka vil bli tatt opp på første møte i samferdselsutvalet, fortel Gunn Berit Gjerde. Ifølgje møteplanen har samferdselsutvalet i fylket møte 14. mars.

Hareid-Sulesund viktig uttesting

Gjerde fortel at ferjesambandet Hareid-Sulesund er det første ferjesambandet som no blir elektrifisert. Det er ei viktig uttesting for korleis dei skal gjere det i resten av fylket.

– Det kjem stadig ny utvikling på dette feltet. Batteria blir mindre og mindre, seier Gjerde.

Det er fylket som kjøper inn ferjene som skal gå i sambandet.

Laga til for millionar

Fylkesvaraordføraren skal ha sagt klart ifrå at ho vil ikkje ha desse betongklossane ved sjøkanten i Hareid sentrum.

– Det er fint laga til for fleire millionar. Statens vegvesen har kosta området, det er betalt av bompengar, seier Gjerde og synest det blir heilt feil å øydeleggje dette området med desse betonghusa.

Opp til kommunen

Det er Hareid kommune som skal avgjere om Fjord1/Norconsult får dispensasjon til å føre opp desse bygga.

Førebels har Hafest og Hareid Kristeleg Folkeparti signalisert kraftig at dei går imot denne ombygginga av ferjeområdet.

Statens vegvesen har sendt brev til Hareid kommune om der dei protesterer på planane.

Det er Hareid formannskap som tar stillinga til dispensasjonssøknaden.