«Kva skal vi gjere med flygelet?»

Dette har vore hovudbryet til familien Overå på Hareid ei tid.

Familien har hatt ståande ei flygel i ei løe i Isakdalen på Hareid, men løa skal no tømmast og flygelet må bort.

Brødrene Hals

– Flygelet er av merket Brødrene Hals. Eg veit ikkje når far min kjøpte det, men eg trur det må ha vore rett etter krigen, fortel Brit Overå, f. Teigene, som inntil sist onsdag var eigaren av det gedigne instrumentet.

Johannes Teigene og familien flytta frå Mylna på Hareid til plassen Kringen i Isakdalen i 1947 og Brit, som då var fem år, er overtydd om at flygelet var med på flyttelasset.

Kvar Johannes i si tid fekk tak i flygelet veit ho ikkje, men ho hugsar at flygelet stod inne på bestestova i huset.

– Den var svært sjeldan i bruk og difor til tider veldig kald. Temperatursvingningane førte til at flygelet vart ustemt og far min måtte alltid stemme det før dei store familiehøgtidene.

Faren til Brit var nemleg utdanna instrumentmakar og pianostemmar og han stemte instrumenta etter gehør.

– Han reiste mykje rundt som pianostemmar saman med mellom andre pianisten Robert Levin. Han segla også utanriks som tømmermann ei tid, og kom han til ei norsk sjømannskyrkje som hadde eit klaver, så stemte han det for dei utan å ta noko for det.

Musikalsk heim

Brit minnest elles barndomsheimen som ein stad der folk møttest og der det var mykje musikk.

–Sjølv gjekk eg og lærte hos fru Svan, Svanhild Riise. Det hende nok av og til at eg ville bli fort ferdig med pianoøvinga heime, men då sette far min i gang metronomen slik at takten vart rett.

Flygelet vart mindre og mindre brukt og etter å ha vore nytta som blikkfang i ei lokal møbelforretning ein periode, vart det til slutt plassert i den vesle løa på garden. Der har det gjort teneste som anretningsbord, flott pynta med duk og lysestakar, når det har vore selskap av ulikt slag i lokalet. Men det er ei tid for alt og no var tida koma for å tømme løa.

Men kva skulle dei gjere med flygelet?

–Dottera mi, Toril, sette inn ei annonse på Finn der ho gjorde det kjent at vi ville kvitte oss med flygelet og at instrumentet ikkje var spelbart, fortel Brit Overå.

Dette passa Teatret Vårt midt i blinken. Dei var nemleg på jakt etter eit flygel, som rekvisitt til si nye oppsetjing, Ingmar Bergmans «Høstsonaten».

Total make-over

– Vi kjem til å plukke ut all innmaten av flygelet, det som veg noko, og male det svart, fortel teaterprodusent, Halvard Fiksdal.

Saman med mellom andre teaterdirektør Knut Lidvar Høgset, kom Fiksdal køyrande frå Molde for å hente klenodiet.

I «Høstsonaten» møter vi Vivi Sunde, som spelar konsertpianisten Charlotte Andergast. Etter mange år på turné i Europa kjem ho heim til gamlelandet for å besøke dottera si som ho ikkje har sett på sju år.

Rolla som Charlotte er elles Vivi Sunde si siste rolle som fast skodespelar ved Teatret Vårt, eit teater som har vore arbeidsplassen hennar i over 40 år.

Dersom du har lyst til å sjå klaveret frå Isakdalen, og elles Vivi Sunde og stykket «Høstsonaten», så kjem Teatret Vårt til ei scene nær deg, 10. april vert stykket sett opp på Fosnavåg Konserthus og 13. april på Sjøborg i Ulsteinvik.

At flygelet får eit nytt tilvere innan teaterbransjen tykkjer Brit Overå er flott. Ho har sjølv drive mykje med teater, ikkje minst i regi av Hareid amatørteater og i samband med Hjørungavågspelet.

– At flygelet no havnar på «dei skrå breidder», det er berre heilt fenomenalt!

Brit Overå ser instrumentet som far hennar, Johannes Teigene, i si tid kjøpte, vel avgarde. At instrumentet no gjer teaterdebut, tykkjer ho er fenomenalt.
Flygelet har dei siste åra stått i løa der det har gjort teneste som anretningsbord ved selskapelege høve.