For å leggje til rette for dei batteridrivne ferjene som skal gå mellom Hareid og Sulesund, må det nokre ombyggingar til på Hareid ferjekai. Det må mellom anna etablerast naudsynte tekniske bygg, ladetårn og fortøyingsautomat med tekniske føringar i bakken.

Det må søkjast dispensasjon frå føresegnene som seier at det på område regulert til veggrunn ikkje er tillatt med andre anlegg eller innretningar enn det som er naudsynt for drift av vedlikehald av veganlegget.

Det skal oppførast to tekniske bygg (batteribygningar) langs ferjekaia. Bygningane skal vere i betong, eit på 16 meter og eit på 25 meter. Det skal også oppførast eit ladetårn i betong på 12 meter.

Forringar uteområdet

Statens Vegvesen har sendt brev til Hareid kommune der dei skriv at dei meiner at ein bør vurdere å plassere desse bygningane annleis enn omsøkt. Dei forstår at det er naudsynt med ombygginar for å leggje til rette for el-ferje. Men foreslår til dømes flytande dokkingsstasjonar eller nedgravne løysingar.

Dei viser til at med dagens oppstillingsområde er det god utsikt mot fjorden og ferja for reisande. Tekniske bygg i betong vil redusere sikta og nærleiken til fjorden.

- Tiltaket vil eliminere store delar av det opparbeidde grøntarealet i området, samt forringe kvaliteten på uteområdet langs sjøfronten. Det vil også lukke sentrum mot fjorden, skriv dei.

Konklusjonen er at dei ikkje vil rå til at det blir gitt dispensasjon som omsøkt.

Saka har førebels ikkje vore til politisk handsaming i Hareid kommune.