Eit samla kommunestyre ønskjer at det felles Nav-kontoret blir plassert på Hareid. Jenny Korsnes (V) og Ragnhild Nedrelid (Ap.) gjekk frå som ugilde. Begge er tilsette ved Nav-Hareid. Den einaste replikken som fall kom frå ordførar Anders Riise (H) då han skulle klubbe saka:

– Eg håper det går like «smooth» i Ulstein, sa han med eit smil.

Men det gjorde det ikkje. Ulstein kommunestyre som hadde møte same kveld, drøfta saka frå klokka 20.00 til 21.30. Men også der vart det fleirtal for eit felles Nav-kontor på Hareid.

I vedtaket heiter det at vertskommuneavtalen skal gjelde frå 1. januar 2018.

Men inntil det nye helsehuset står klart i Hareid, vil det vere Nav-kontor i Ulstein.