Widnes Johansen opplyser at i kontrakten med Hareid kommune heiter det at boka skal kome ut i god tid før jul. I utgangspunktet var planen at lanseringa skulle skje under Hareidsstemna i midten av oktober.

– Eg har levert frå meg i tide, men boka er på om lag 600 sider, og det er mange brikker som må på plass. Blant anna bildetekstar og grundig 2. gongs korrektur- og faktasjekk, forklarer han.

Hareid Historielag har vore ansvarleg for korrekturen.

Det er Interface Media i Oslo har sett opp boka, og ho blir i desse dagar sendt til trykking i Latvia.

Vanskeleg kapittel om landssvik

I fjor haust heldt Asle Geir Widnes Johansen eit foredrag om arbeidet med boka på årsmøtet til Hareid Historielag. Der la han opp til ei drøfting om korleis han skulle handtere kapittelet om Hareid under krigen – og dei som vart dømde for landssvik.

– Signala var at det ville vere feil å nemne berre eitt eller to namn. Eg tok derfor kontakt med Riksarkivet, og fekk tilsendt papira no i vår. Det var 10–11 personar som vart dømde for landssvik, og alle der nemnde i boka. Dermed vart denne bolken utvida.

– Var det ei lett avgjerd å ta?

– Nei, det var eit vanskeleg punkt, og eg har hatt samtalar med rådgjevarar kring dette. Men kor vi enn snur og vender på det, så er det ein del av historia til Hareid kommune. Her er også namn på personar som var skulda for landssvik, men som vart frikjende.

To bøker

Parallelt med det omfattande arbeidet med 100 årshistoria til Hareid kommune, har Widnes Johansen også skrive 50-årshistoria til Volda Skisenter.

No ligg det an til å bli boklansering same dag, 11. november for begge, fortel han.