I to-tre dagar har det vore hektisk aktivitet i rundkøyringa som ligg nærast Europris i Ulsteinvik.

Rundkøyringa er ein del av miljøgata Sjøgata, og prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Statens vegvesen opplyser at det er ikkje noko utbetringsarbeid dei har starta på.

- Der skal opp kunst som private i Ulsteinvik har sponsa. Ein svær steinskulptur, fortel Vatnehol.

Han kan ikkje røpe verken kva motivet er, eller kven dei - eller dei - private sponsorane er.

- Akkurat no blir det henta fram elektriskkablar vi har lagt i grunnen tidlegare. Desse skal brukast til lyssetjing av skulpturen. Og deretter skal vi støype eit fundament som skulpturen skal stå på, legg Vatnehol til.

Kva tid, og korleis avdukinga skal skje, er førebels ikkje avgjort.