Under den offisielle opninga av Ulsteinhallen for handball denne laurdagen fekk Oline Botnen stor takk frå Hødd handball for jobben ho legg ned som trenar.

Botnen har synt at sjølv om ho kjem frå ein liten klubb har ho hevda seg i noregstoppen. Ho er kjent for å ha eit smittande humør, er glad og blid, viser omsorg for dei ho har rundt seg, takka Jarl Martin Møller som er leiar for Hødd handball.

- Ho legg til grunn i sitt daglege verke som trenar Hødd handball sin eigen visjon: Idrettsglede for liten eller stor - Hødd handball har plass til alle, sa Møller.

Botnen har synt at treningsarbeidet skal vere lystbetont. Ho er ikkje oppteken av resultat, sjølv om laget har byrja å vinne.

- Ho er oppteken av det som betyr noko, nemleg fellesskapet som vert utvikla mellom borna. Oline Botnen, superfinalist i den nasjonale kåringa om noregs beste trenarforbilde, har gitt Hødd handball ein ny dimensjon gjennom arbeidet sitt med å leggje til rette for gutehandballen i Hødd, sa Møller og bad Botnen kome fram og motta utmerkinga.

Dei frammøtte i Ulsteinhallen klappa og Botnen kom fram og tok imot blomar.