Initiativtakarane bak lista er Brita Waage Linge, Aud Marit Wigg, Arnhild Vik og Turid Mette Dimmen. Kvinnene kjende ikkje kvarandre så godt frå før, men dei har funne kvarandre i felles sak og ville gjere noko for å ta vare på kyrkjegarden.

Dei presiserer at dette ikkje er ei underskriftsliste mot ny arbeidskyrkje, men for å oppretthalde gravplassen som no formelt er nedlagt.

– Det er for å behalde den grøne lunga med gravene til å vere ein minnepark i Ulsteinvik, seier Brita Waage Linge.

Etter ho engasjerte seg i denne saka har ho fått høyre mange historier frå folk om kor viktig dette området er for dei. Mange menneske er heilt fortvila. Ein del er så leie seg at dei gret. Og dei veit ikkje korleis dei skal få andre til å forstå kva denne staden betyr for dei.

For å syne fram ein del av det sterke engasjementet som finst har damene starta underskriftsaksjon.

Lett tilgjengeleg

Initiativtakarane ser på dette området ved kyrkja som eit nyare tids kulturminne. Kyrkja og gravplassen høyrer i hop og er ein del av gatebiletet i Kyrkjegata. Kva som skjer med området er eit reguleringsspørsmål som gjeld alle innbyggjarane i kommunen, ikkje berre kyrkjegjengarane. Det handlar om korleis det skal sjå ut i sentrum. Det har noko å seie for gamle, unge, innflyttarar, “erkeulsteinvikarar”, truande og ikkje truande.

Ein del vart sjokkerte då dei såg planane om nytt kyrkjebygg, for dei trudde området var freda.

Linge har tidlegare skrive lesarinnlegg til avisa om kor viktig dokumentasjon kyrkja og kyrkjegarden er for framvekstaren av Ulsteinvik. Det er ei grøn perle som har meining for folk. Kyrkjegarden er uerstatteleg og ein viktig del av identiteten til Ulsteinvik.

Mange set pris på denne staden for åndeleg refleksjon og påfyll i kvardagen. Det at plassen er utandørs gjer at han er lett tilgjengeleg, ein slepp å gå inn. Og for ein del held det å kaste eit blikk bort på staden medan dei går eller køyrer forbi, for å få ro i seg.

Inga skam å snu

Initiativtakarane bak lista meiner det hadde stått stor respekt av dei som står bak planane om dei no snudde. Håpet er at dei no som dei ser kor mykje denne staden betyr for folk, finn ein annan stad å føre opp arbeidskyrkja.

Ulstein sokn har sett ned ei prosjektgruppe som skal prøve å finne alternativ plassering for arbeidskyrkja. Brita Waage Linge er ein av medlemene i denne gruppa.

Stort engasjement

Det ligg no ute lister på rådhuset og i mange forretningar der folk kan skrive seg på.

Før helga kom det også ein del  innom PF Waage og ville ha med seg underskriftslister for dei skulle i selskap i helga. Nokre samlar inn underskrifter på arbeidsplassen sin. Kvinnene vil ikkje spekulere i kor mange underskrifter dei vil få.

Underskriftslistene vil liggje ute til 1. november.