Komande laurdag er det klart for det tredje løpet rundt Grimstadvatnet denne vinteren.

Medan det var fine forhold i novemberløpet og snøkaos i desemberløpet, ser det ut til at vi atter skal få gode forhold i løp nummer tre.

Frisk bris, sørlege vindar og + 6 grader, er varselet frå yr.no.

Grimstadvatnet Rundt har hatt svært god oppslutning hittil i vinter. Mest overarskande var det at så mange som 54 stilte opp og sprang i snøføyka i desember.

Vinnarar i dei to løpa hittil har vore Joachim Tranvåg og Martin Hauge Nilsen på herresida og Jenny Stokkevåg Berg (begge gongene) på damesida.

Det fjerde og siste løpet i Grimstadvatnet Rundt-serien denne vinteren går den første laurdagen i februar. Då blir det også premieutdeling der løparane tek med poengsummane frå dei tre beste løpa sine (etter poengsystemet 10-9-8 ... 4 i kvar klasse). Dei som får med alle fire løpa får ein bonus på fire poeng.