Fredag starta Geir Hansen i ei heilt ny stilling som sportsleg utviklingsleiar i IL Hødd. Den siste ferieveka før han starta opp, vart brukt saman med kone og barn.

– Sommaren betyr først og fremst kvalitetstid med kona og dei fire barna våre, gjerne utanlands. Då er Spania favorittlandet. I tillegg brukar eg sommaren til å lese fagstoff, og i år har eg via ledige stunder til å fordjupe meg i både tysk og chilensk fotball, fortel 42-åringen, som også meiner at årets sommarferie har vore perfekt.

– Først var vi ei vekes tid saman med barna i Trondheim, slik at dei får eit forhold til kor eg kjem frå. Deretter 16 dagar i Spania med besøk hos gode vener i Quesada, der vi tidlegare har budd eit år, før vi tok ei vekes tid i favorittbyane mine: Valencia og Barcelona.

Fotballtur i Tyskland

Hansen er son til den tidlegare Rosenborg-trenaren Bjørn Hansen. Hans beste ferieminne er frå sommaren 1988, då pappa Bjørn tok han med på fotballtur rundt om i Tyskland. For akkurat fotball betyr mykje for trønderen.

– Vi såg mange kampar den sommaren og køyrde rundt omkring i heile Tyskland for å sjå toppfotball, som er ein viktig del av livet mitt, mimrar Barcelona-tilhengjaren tilbake.

– Med min eigen familie er ein langtidsferie på Gran Canaria i 2008 også eit godt minne. Ein heil sommar med avslapping og god tid saman med kone og barn er luksus når ein jobbar i fotballen, vedgår Hansen.

Kunne ikkje seie nei

Då tilbodet om den nye stillinga frå Hødd kom på banen, var dette rett og slett noko Hansen ikkje kunne seie nei til.

– Dette er ein klubb med ei fantastisk historie og ei super framtid. Moglegheita til å få jobbe på fylkets beste fotballanlegg, med utruleg dyktige og dedikerte folk i alle ledd, vil både gi meg ei moglegheit til å lære – og lære bort, seier Hansen, som også vil halde fram som trenar for Norges G18-landslag.

– Kva for arbeidsoppgåver er det du eigentleg har som sportsleg utviklingsleiar i klubben?

– Det blir ein kombinasjon av jobbing inne på kontoret og ute på banen. Eg har hovudansvaret for å leggje til rette for at trenarane og støtteapparatet på A-laget, juniorlaget og G16 kan gjere jobben sin best mogleg. I tillegg skal eg vere ein som kan skrape dei litt på leggen og stille litt opne spørsmål. Eg skal vere i treningsdrakt og utøve trenarrolla, så eg er ingen dressmann, slår han fast.

Rotete, snill og spontan

Ifølgje seg sjølv er Hansen intenst oppteken av å utnytta tida optimalt for å oppnå best mogleg resultat.

– Det kan vere krevjande å jobbe nært meg, men samtidig så trur eg at det kan vere givande. Eg er ein lagspelar, som er oppteken av at alle skal føle at dei betyr mykje og at alle skal få brukt sine eigenskapar, legg Hansen vekt på.

Men som privatperson er det ifølgje han sjølv ein litt annan Geir Hansen som kjem til syne.

– Utanom jobb er eg kanskje litt meir rotete og spontan. Vener og familie ved sida av fotballen håper eg vil seie at eg er god til å leike med barna og at eg er en snill mann. Om eg er spesielt sosial veit eg ikkje. Eg har behov for aleinetid og nyt den tida når eg har mulegheita til det, forklarar han.