Levekårsutvalet i Hareid sa denne veka samrøystes ja til å støtte Hareid IL sine planar om å bygge ein fotballhall på vestsida av Hareid ungdomsskule. I ei tilråding til Hareid formannskap sitt komande møte foreslår rådmannen at prosjektet kjem med i kommunen sitt investeringsbudsjett for 2017-18.

Men før det må prosjektkostnadene utgreiast nærare, og det må framforhandlast ein nærare driftsavtale mellom kommunen og Hareid IL. Rådmannen får mynde til å hyre inn prosjektleiing, setje saman ei prosjektgruppe og utnemne styringsgruppe.

Positive til turnhall

Formannskapet har tidlegare stilt seg positiv til å bruke området til ein turnhall, men desse planane har ikkje vore fremja vidare.

Det var i brev av 7. februar iår at Hareid Idrettslag la fram planane om bygging av ein fotballhall med ytre mål 50 x 75 meter. Hallen vil gi auka banekapasitet og tilbod til fleire, mellom andre vil fotballspelarar heilt frå 7-års-alderen kunne trene på større baner også vinterstid.

Ein fotballhall vil også frigjere mykje treningstid i Hareidhallen, noko som kan vere positivt for fleire grupper/idrettar.

Dei økonomiske estimata for hallen er nokså lause, men årsmøtet i Hareid IL gav fotballgruppa fullmakt til å bruke 2,4 millionar kroner inn mot hallprosjektet. I tillegg er fotballgruppa innstilt på å bidra ytterlegare økonomisk i stor grad.

I samarbeid med konsulentfirmaet Utbyggingsteknikk AS har idrettslaget også fått utarbeidt eit framlegg til tekniske løysingar med eit kostnads-estimat, slik:

Konsulentteneste kr 500.000

Grunnarbeid kr 1.500.000

Totalentreprise hall kr 11.500.000

Kunstgras kr 1.000.000

SUM kr 14.500.000

Estimerte inntekter:

Eigenkapital HIL + tomt

kr 3.500.000

Spelemidlar kr 3.700.000

MVA-refusjon kr 2.900.000

Sponsing kr 3.400.000

SUM kr 13.500.000

Differansen mellom kostnadar og inntekter, 1 mill kr, pluss tomteverdien (=2,1 mill kr) kan bli Hareid kommune sin del av prosjektet.

Tredje trinn

Fotballhallen vil vere det tredje trinnet i planane om å utvikle

området som idrettsarena, der første trinn var bygging av kunstgrasbana, andre trinn rehabilitering av grasbana og bygging av nytt friidrettsanlegg.