Eit ufyseleg vintervêr gjorde at banemannskapet på Color Line stadion måtte køyre over kunstgrasmatta fleire gonger med traktor for å reinske unna det meste av snøen som lava ned i Ålesund søndag kveld, men kamp vart det likevel mellom Aalesunds FK og Hødd.

Dei oransjekledde vertane yppa seg først dryge sju og eit halvt minutt spelt med eit angrep frå høgresida, men Hødd-keeper Jan-Lennart Urke fekk avslutninga rett på seg.

I staden var det Hødd som skulle ta det første stikket.

- Eg visste kva Vegard (Heltne) sannsynlegvis kom til å gjere, han er ein smart spelar. Eg trudde eg skulle få meg eit skikkeleg kakk av keeperen, men han fekk inn ballen og eg var modig. Heldigvis gjekk ballen i mål, skildrar målscorar Robin Shroot Hødds leiarmål 10 minutt ut i kampen.

Vaks i kampen

Scoringa kom på best tenkjeleg vis for Hødd, ettersom Trond Fredriksens mannskap såg ut til å ha god kontroll på opningsminutta.

- Vi trøbla litt innleiingsvis, men det er ikkje så rart når det var den andre økta vår på stor bane i år. Vi gav bort ballen altfor lett og sleit litt i press defensivt, oppsummerer Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen.

Men den ferske Hødd-sjefen syntest at laget løfta seg merkbart utover i kampen.

- Vi forlet stadion som eit godt lag. Vi hadde ei bra stigning, spesielt frå då den andre omgangen starta.

Mykje nytt

Frå start valde den tidlegare Follo-trenaren å stille med tre nye ansikt: – Didrik Sereba, Øystein Vestvatn og Hugues «Ygg» Wembangomo. Sjølv om det sjølvsagt er tidleg å konkludere noko etter første treningskamp, var han brukbart nøgd med det dei viste mot eliteserielaget AaFK.

- Det er mykje nytt og ukjent for heile ellevaren, men eg synest dei tre kjem godt ifrå det og at også dei som kom inn gjorde det godt. Dette var ei bra erfaring for alle som deltok for Hødd.

- Kva svar fgav kampen?

- Det vart meir ei stadfesting, synest eg. Eg har hatt ein mistanke i heile vinter om at dette er eit bra lag med mange gode spelarar. Samstundes så ser vi at vi har ein lang veg å gå i forhold til å få setje eit spel som vi ønskjer, for i periodar var vi ikkje der vi skulle vere, resonnerer Eriksen.

Draumedebut

Ein av dei nye ansikta som supporterane fekk sjå i aksjon, Øystein Vestvatn, fekk også ein perfekt debut med både siger og mål.

- Det var nesten eit mønsterangrep, vil eg seie. Vi spelte opp, la igjen, spelte opp og la igjen. Då er det nesten umogleg for dei å halde følgje. Sondre Beite fossar fram på høgresida, og slår ballen inn 45 grader som (Torbjørn) Kallevåg slepp - og då er det berre for meg å setje ballen inn, forklarar målscorar Vestvatn, som legg til at det kjem godt med at han har kjennskap til Eriksens filosofi frå tida i Follo.

- Veldig! Spelemåten er eg godt vand med over mange år, så det hjelper godt, stadfestar midtbanespelaren.

I tillegg til dei tre nemnde debutantane kom også Fredrik Sjølstad sin første kamp for Hødd, då han kom inn som innbytar for Joakim Wrele i det 61. speleminuttet.

Neste test for Hødd er allereie førstkomande fredag, då Kristiansund BK gjestar Sparebanken Møre Arena i Ålesund.

KAMPFAKTA

AaFK – Hødd 0-2 (0-1)

Color Line stadion søndag 31. januar 2016

MÅL: 0-1 Robin Shroot (10), 0-2 Øystein Vestvatn (83).

HØDD: Jan-Lennart Urke – Hugues Wembangomo (Bendik Torset, 76), Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne – Torbjørn Kallevåg (Martin Mork Breivik, 86), Joakim Wrele (Fredrik Sjølstad, 61), Øystein Vestvatn (Bendik Rise, 89) – Didrik Sereba (Magnus Myklebust, 61), Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen (Sondre Beite, 81).