Tysdag denne veka skreiv Hødds midtbanespelar Eirik Heltne under overgangspapira for eit klubbyte til 3.-divisjonsklubben Herd.

Overgangen er permanent og strekk seg i første omgang ut året.

Ville spele

Heltne meiner at tida var inne for å prøve noko nytt for å få karrieren på rett veg igjen.

– Det har blitt lite speletid denne sesongen og eg ønskte å få fotballgleda tilbake. I tillegg så har eg fått eit godt inntrykk av trenar Amund Skiri og opplegget som dei har i klubben, seier den tidlegare Hødd2-kapteinen.

Heltne er ikkje ukjent med klubben, ettersom han var på lån til same klubb for to år sidan. Han kjenner derfor klubben godt og innrømmer at miljøet var ein av faktorane til at han valde å returnere til klubben.

Har ambisjonar

At Herd ligg an til opprykk til 2.-divisjon denne sesongen, var ein annan medverkande faktor til at Heltne signerte for ålesundsklubben.

– Ja, så klart. Eg har framleis ambisjonar, det skal ikkje stå på det. Å spele 2.-divisjon med Herd neste sesong er noko eg godt kunne ha tenkt meg, forklarar han.

Ettertrakta

Herd-trenar Amund Skiri erkjenner at Heltne har vore i søkelyset denne sommaren, og er glade for at dei har sikra seg spelaren.

– Eirik er ein spelar vi har følg med på i sommar, og som er ein treningsvillig og ambisiøs type. Han har ikkje fått så mykje speletid i år, og fell derfor inn i kategorien av spelarar som er "svoltne". Truleg treng han eit miljøskifte og eit lite steg ned for å kunne gå ut i full blomster, kommenterer Skiri.

I klubben er allereie tidlegare lagkamerat i Hødd, Havtor Hofset Skeide, som melde overgang i fjor. 'Ettersom dei to venene skal bu saman, trur Skiri det kan vere positivt både for dei og klubben.

– Havtor har eg berre gode ord om. Han er ei drivkraft i treningsgruppa, og eg ser ikkje vekk ifrå at dei to kan bidra til å dra gruppa litt ekstra, seier Herd-trenaren.

Håpar på samarbeid

Skiri håpar også at dette kan vere starten på eit tettare samarbeid mellom klubbane.

– Eg håpar at vi kan halde fram med eit slik samarbeid, der spelarar som kanskje ikkje er heilt klare for Adeccoligaen kan kome til oss, samtidig som spelarar som er klare for eit steg opp kan gå motsett veg.

*

Heltne kan debutere for klubben allereie i helga, når Herd tek i mot Averøykameratene på laurdag.