Utan å ta frå TMFK æra for noko som helst har dei eit yngre og ikkje fullt så slagkraftig lag for nokre år sidan. Uansett var det ein grei motstandar å teste seg ut mot. Veret var ikkje det beste denne laurdagen, men det var det heller lite å gjere noko med.

Hareid var best dei første ti minutta. Så hadde TMFK ein brukbar timinuttsperiode, før Hareid tok over igjen. Etter 27 minutt var Runar Stranden truleg snytt for straffe då vart hindra i det han skulle avslutte eit angrep. I staden fekk Hareid eit hjørnespark som førte til ein bra sjanse for Ørjan Engen Grimstad.

Lars Andreas Dahlen Folkestad fekk prøve seg i ei offensiv midtbanerolle denne kampen, og etter 34 minutt brente han ein kjempesjanse etter eit innlegg frå Runar Stranden. I det 45. minutt burde Thor-Ove Brekke ha sett inn 1-0, men han heada over frå kort hald. Like etter var Runar Stranden gjennom, men han fekk ikkje avslutta skikkeleg.

Det første som skjedde i 2. omgang var at Folkestad heada utanfor eit bra legg frå Brekke. Hareid pressa på stort sett heile omgangen, og etter 62 minutt fekk Håkon Orten Trovåg ein gigasjanse som han smelte i nettveggen.

Typisk nok gjekk TMFK opp i 1-0 etter 70 minutt då ein av spissane deira kom åleine. Vagn Scheide Mork redda det første forsøket, men ikkje det andre.

Minuttet etter var Runar Stranden noko uegoistisk då han ikkje la til Georg Eikrem Olsen, som kunne ha scora på ope mål. I staden redda TMFK-keeperen avslutninga til Stranden frå skrått hald.

Etter 75 minutt skapte TMFK sin andre sjanse for dagen, som dei brente. I sluttminutta skapte Hareid mykje. I det 84. minutt la Trovåg inn får venstre. Tre Hareid-spelarar stod i kø for å score, men ingen av dei makta det. Heilt på tampen kunne både Martinus Røyset Bakken og Simon Holstad Grimstad ha ordna "poengdeling" - utan gevinst.

Dermed tapte Hareid årets generalprøve. Vi tek med oss mange gode tendensar frå denne kampen. Men vi har framleis store problem framfor motstandaren sitt mål. Vil det losne til seriestart?

KampfaktaTreningskamp, 10. aprilHareid - Tornado MåløyFK 0-1 (0-0)Hareidsmyrane stadionTilskodarar: 6Dommar: RichardMartin Hunstad, Hjørungavåg ILIngen kort:Hareid (4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) - Robin Jackson Indreflø,Martin Nikolai Longva (Simon Holstad Grimstad 60), Ørjan Engen Grimstad, NaurisDriksna (Martinus Røyset Bakken 63) - Joar Møller (Kristian Myklebust 46),Thor-Ove Brekke - Håkon Orten Trovåg, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Georg EikremOlsen (Fredrik Andresen 71) - Runar Stranden*** Folkestad, ** Stranden, * Ø. Grimstad